Ny indikator for gruppa Vaksne med fleire kroniske lidingar
I Samhandlingsbarometeret har vi publisert ein ny indikator for pasientgruppa “Vaksne med fleire kronisk lidingar”. Den nasjonale definisjonenfor denne gruppa (kompleks multimorbide/multisjuke) omfattar pasientar med tre kroniske sjukdomar innanfor 29 ulike diagnosegrupper i minst tre ulike organsystem.
Den nye indikatoren viser somatisk aktivitet i spesialisthelsetenesta; poliklinikk/dagbehandling, innlegging, liggedagar og avtalespesialistar for pasientar over 18 år som har fått behandling for desse lidingane innanfor same kalenderår.Den gir innsikt i pasientane sin bruk av spesialisthelsetenester det aktuelle året, samt utvikling over tid (forløpskurver).
Det er viktig å vere merksam på at pasienten ikkje kjem med i denne statistikken dersom han/ho ikkje har vore innom spesialisthelsetenesta i løpet av eit kalenderår. Dette gjeld og pasientar som har fått behandling for den kroniske lidinga i kommunehelsetenesta, og pasientar på kommunale institusjonar (sjukeheimar etc.) som får behandling der i staden for i spesialisthelsetenesta. Indikatoren vil difor omfatte dei mest behandlingskrevjande med kronisk sjukdom. Data vert vist som rate pr. 1000 og tallfrå 2019 til 2023.
Vi har sett på aktiviteten pr. 1000 innb. i Helse Førde sitt opptaksområde i 2023.

Her ser vi at dei fleste kommunane ligg nokså jamt mellom 500 og 650 samla tenester dette året, der Gloppen brukar minst.Seks kommunar skil seg ut med høgare bruk.Lærdal kjem på topp med Hyllestad og Årdal tett på. Lærdal sitt høge forbruk ser i hovudsak ut til å skuldast bruken av poliklinikk/dagbehandling.
Utvikling over tid er eit sentralt mål for styring, då forbruket enkelte år kan avvike frå det som normalsituasjonen i ein kommune.
Når det gjeldpoliklinikk/dagbehandling (frå 2019 til 2023) ser vi at Lærdal og Bremanger har hatt høgast utvikling, særleg dei to siste åra for Lærdal sitt vedkommande. Gulen har eit stabilt lågt forbrukalle åra, det same har Sogndal og Stryn.

For liggedøgn endrar biletet seg noko.Askvoll, Bremanger, Hyllestad, Høyanger, Lærdal, Vik og Årdal har høgast forbruk over tid, Sunnfjord minst.

Forbruket til den enkelte kommune må m.a. tolkast i lys av alderen i befolkninga, bemanning i helse- og omsorgstenestader legedekninga er sentral, samt organisering og tenestetilbodet. Slik analyse har Samhandlingsbarometeret ikkje gjort, men vi gjer merksam på at andre indikatorari SB somGjennomsnittsalder under Demografi, Fastlegeordninga og Kommunal akutt døgnordning (KAD) under Forbruk kommunehelsetenestakan vere aktuelle å bruke i ei meir omfattande analyse.
Kjelde: NPR (Norsk Pasientregister)