Samhandlingsbarometeret - omfattande arbeid pågår
![Nyhetsbildet](https://cdn.sanity.io/images/r57lfcfm/production/bdac85a8b4ca4c9bbe82a05bb14acf5a36fa64c1-978x532.png)
Felles organisering med Helseatlas tenesta
Helseatlas vart oppretta i 2015 med fokus på variasjon i helsetenestene. Både SB og Helseatlas er lokalisert i Fag og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon i Helse Førde. Overlapp i arbeidsoppgåver og bemanning gjer ei samkøyring mellom desse tenleg. Vårt felles team består no av Jagrati Jani-Bølstad (leiar) Oddne Skrede, Knut Ivar Osvoll, Tina Løkke Vie, Yejin Lana Ki, Sweta Tiwari og Haji Kedir Bedane.
FNSP
SB har fått godkjent søknad om å bli ein del av den felles nettløysninga for spesialisthelsetenesta (FNSP). Dette vil gje SB ein betre støttestruktur, men fører til ein del tekniske endringar på nettportalen. Arbeidet er i gang og blir samkøyrt med arbeid knytt til nasjonale retningsliner for universell utforming.
Revisjon av indikatorar
Til slutt arbeider SB med ein revisjon av indikatorar for helsefellesskapa og brukarane generelt. I dette vil vi gjennomføre ei undersøking der vi ber om brukarane sine synspunkt
på kva data/indikatorar dei bruker og kva det er behov for.
Ønskjer du å bidra med tilbakemelding, ta gjerne kontakt eller hjelp oss med å svare på undersøkinga som vi snarleg vil sende ut til alle aktuelle brukarar: jagrati.jani-bolstad@helse-forde.no