Brukarrettleiing Samhandlingsbarometeret (SB)

Brukarrettleiing Samhandlingsbarometeret (SB)

Innholdsliste:

  1. Opningsside
  2. Kommuneprofil
  3. Nyhende og informasjonsdel
  4. Valg av indikator frå opningssida og helseføretaksområdet
  5. Valg av indikator for mindre utvalg av kommunar
  6. Einskildkommune og meir utfyllande data om denne
  7. Kort om KOSTRA-variablar
  8. Andre funksjonar i SB

1. Opningsside: Denne gjev ei oversikt over kva Samhandlingsbarometeret (SB) inneheld av indikatorar, og har også ein søkefunksjon på kommune. Strukturen er oppbygd rundt Helseføretaksområda (RHF og HF), og dei tilhøyrande opptakskommunar/bydelar.

Hovudkapitla er inndelt i fire temaområde:

  • Samhandlingsindikatorar
  • Demografiske indikatorar
  • Folkehelseindikatorar
  • Helsefellesskapsindikatorar

Indikatorane under desse fire områda er felles for heile landet, og går ned på kommune- og bydelsnivå der dette er mogeleg. Under overskriftene kjem stikkord for kva indikatorar ein kan finne i SB.

I tillegg er det eit tema med Helseføretaksspesifikke indikatorar der dei ulike helseføretaka kan få lagt inn andre indikatorar som er av særleg interesse lokalt, og der ein har slike data berre for avgrensa regionar.

2. Nede på sida finn ein Kommuneprofil. Her kan einskildkommunar søkjast opp. Føremålet med profilen er å gje ei kort oversikt med utvalde nøkkelindikatorar for kommunen, og desse er her samanlikna med landsgjennomsnittet.

I eksempelet under er Alver kommune (Helse Bergen) søkt opp, og følgjande rapport kjem opp:

I den blå linja oppe (med navn på den aktuelle kommunen) ser vi først folketalet i Alver, andelen av befolkninga som er > 80 år og andelen med spreidd busetnadsmønster.

Når ein velger/ser på fleire område/kommunar samtidig vil tala i den blå hovudlinja her vise samla innbyggartal for desse områda, gjennomsnittleg andel over 80 år og gjennomsnittleg spredd busetnad for dei uvalde områda samla sett.

Spreidd busetnad følgjer Statistisk Sentralbyrå sin defininisjon, og viser andelen av befolkninga i kommunen som bur utanfor områda som vert definerte som tettstader. Tettstader er definert som ei samling av hus med minst 200 bebuarar der avstanden mellom husa normalt ikkje overstig 50 meter. For meir arealkrevjande bygningar er grensa høgare. Sjå Tettsteders befolkning og areal (ssb.no) for ytterlegare informasjon.

Under finn vi nøkkelindikatorar presenterte med liggande søylediagram, og som viser korleis kommunen ligg an i høve landsgjennomsnittet (strek i gul sektor). Om ein vil sjå på eit mindre utval av indikatorane enn dei som kjem opp automatisk kan ei velje frå rullegardina.

Under Definisjon øvst oppe til høgre finn ein meir utfyllande informasjon om den aktuelle indikatoren. Fullskjerm utvidar detaktuelle bildet ein er interessert i sjå på.

3. Nyhende og informasjonsdel:

Midt på åpningssida er det til høgre ein del der det vil bli lagt inn kortare nyhendesaker og informasjon om endring i variablar etc. Innhaldet på denne sida vil difor endre seg over tid.

4. Valg av indikator frå opningssida og helseføretaksområde:

Indikatoren Fag er markert på eksempelet over. Denne viser spesialisthelsetenester (innlegging, liggedagar, polikliniske konsultasjonar og private avtalespesialistkonsultasjonar) samla og for hovudgruppene av diagnosar i diagnosesystemet (ICD-10).

Periode kan veljast, men som utgangspunkt kjem den siste tilgjengelege perioden opp (2021 i dette tilfellet). Der data for heile året ikkje er klare, men f. eks. berre frå to tertialar av året, estimerer (beregnar) vi tala for heile året ut frå desse. I tolking er det difor viktig å vite at dei endelege tala kan bli endra seinare.

RHF-område kan så markerast (i eksempelet Helse Nord). Folketal, andel over 80 år og andel spreidd busetnad for RHF-området kjem fram på blå linje.

Under denne kjem variabelval (her sjukehusopphald pr. 1000 innb.), og for valgt ICD-gruppe (psykisk sjukdom i eksempelet over).

Tabellen i midten viser no tal for Norge, aktuelle RHF, tilhøyrande HF og kommunane i opptaksområda for desse med nedtrekk på sida. Som standard er det utrekna som rater i høve til folketal (ofte pr. 1000 innb.), men det aktuelle antalet kan også evt. velgjast i boksen nede til høgre.

I midten nede får vi fram ein figur som visert utvikling over tid samanlikna med eit valgt startår (såkalt indeksår, 2018 her) for Norge, RHF og tilhøyrande HF.

Nede til høgre finn vi ein Kartpresentasjon som viser kommunane for det valgte området.

Her er kommunane inndelt i tre fargekategoriar (øvre, midtre og nedre tredel) ut frå verdien på den aktuelle variabelen ein ser på (obs. at desse fargane er delte inn etter den aktuelle talverdien, og ikkje om dette representerer ein ønskt eller uønskt verdi).

OBS: Fargedelinga gjeld alltid forholdet mellom kommunane berre innanfor det valgte området (det er altså ikkje samanlikning med landsnivået). Om ein trykker over ein kommune (Hattfjelldal i eksempelet) får ein fram meir kjerneopplysningar om denne kommunen i eit popup-bilde.

5. Valg av indikator for mindre utvalg av kommunar:

Her går ein til Velg kommunar og får fram dette bildet:

Her er det eit nyttig tips:

  • Dersom ein trykker i boksen for helseføretaket kjem alle kommunane i føretaksområdet opp automatisk (og kan ev. klikkast bort enkeltvis)
  • Dersom ein trykkar på pila framfor boksen kjem kommunane fram og kan markerast enkeltvis, noko som ofte er mest praktisk.

I eksempelet over har ein valgt Helse Nord Trøndelag og kommunane Grong, Levanger og Namsos, for å samanlikne den aktuelle indikatoren mellom desse tre.

Ein markerer på VIS UTVAL og får fram dette bildet:

Det kjem då fram data (i eksempelet liggedøgn sjukehus) for Norge, Helse Midt, Helse Nord Trøndelag og dei tre aktuelle kommunane. Ein ser vidare utvikling over tid og taldata (popup rute) ved å markere inne i figuren. Kartet viser no dei tre kommunane og den innbyrdes rangeringa mellom desse tre når det gjeld liggedøgn.

6. Einskildkommune og meir utfyllande data om denne:

Ein hentar då ut den aktuelle kommunen (i eksempelet Stryn kommune i Helse Førde) på same måten som over, og får dette bildet:

Under den blå linja kjem det fram ein knapp med Gå til Stryn og ein markerer denne for å finne meir utfyllande data knytt for denne kommunen.

Ein får no fram Utførande Helseføretak i tillegg (i eksempelet kva føretak som står for behandling av kreftsjukdom til innbyggarar frå Stryn kommune).

7. Kort om KOSTRA-variablar:

Dette er data som er rapportert inn frå kommunane sjølve og bearbeidd vidare i Statistisk senstralbyrå (SSB). Kommunane blir her inndelte i samanliknbare Kommunegrupper. Samhandlingsbarometeret har lagt inn eit utval av indikatorar her, og desse er grupperte i personell/ressursar, økonomi og tenester.

Eksempelet viser andelar av kommunen sine samla driftsutgifter som går til omsorgstenester for kommunane i Helse Møre og Romsdal. Om vi her vel ein kommune (Giske kommune i Helse Møre og Romsdal) får vi:

Vi finn at Giske er i Kostragruppe 10, og samanlikningane blir då mot dei andre kommunane i same kostragruppe i landet.

8. Andre funksjonar i SB:

-Sortering: Power BI-programmet har ikkje utvikla denne funksjonen så langt. For enkelte indikatorar i SB er det likevel mogeleg å sortere. Eksempel under Demografi der ein då vil finne ei lita pil (oppover/nedover) under kolonneteksten.

-Figurar/tabellar over til presentasjonar (PowerPoint/PDF etc.): Det er heller ikkje ein eigen funksjon for dette føremålet så langt i Power BI. Ein må difor nytte seg av ein klipp og lim metode, men dette fungerer greitt når ein først har lært dette.

Lese mer
Bruksanvisninga(excel) : Samhandlingsbarometeret