Hopp til innhald
Logo Samhandlingsbarometeret

Helsefellesskap

Eit sentralt grep i samhandling framover (Nasjonal helse- og sykehusplan 2020-2023) er oppretting av 19 helsefellesskap. Desse består av helseføretaka (HF) og kommunane i opptaksområda. Representantar frå helseføretak, opptakskommunar, fastlegar og brukarar skal møtast fast for å planlegge og utvikle tenestene saman.

Følgjande 4 pasientgrupper skal ha prioritet:

  • Barn og unge
  • Pasientar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem
  • Pasienter med fleire kroniske lidingar
  • Skrøpelege eldre

Som støtte til helsefellesskapa er det sentralt å få fram relevante data for desse gruppene. Eit nasjonalt arbeid i regi av Helsedirektoratet er på gang, og har m.a. utarbeidd definisjonar for dei fire pasientgruppene. Samhandlingsbarometeret vil så langt det er muleg bruke desse ved publisering av indikatorar tilrettelagt for helsefellesskapa.

Sjå Helsedirektoratet sin rapport "Styringsinformasjon til helsefellesskapene. Del I Skrøpelige eldre og personer med flere kroniske sykdommer" (IS-2997)

Lenke til rapport nr IS-2997