Oppdaterte folkehelseindikatorar
Samhandlingsbarometeret har no oppdatert enkelte indikatorar under temaet folkehelse med tal for 2025.
Tala for deltaking i organisert aktivitet, alkoholbruk, sømnvanskar og skjermtid for ungdomsskuleelevar er henta frå UngData-undersøkinga som vert publisert av Helsedirektoratet. Ikkje alle regionar og kommunar deltok i undersøkinga i 2025 så dei siste tala gjeld for kommunar i Nordland, Rogaland, Agder, Buskerud, Akershus og Østfold. Nesten alle kommunar skal no ha oppdaterte tal frå perioden 2023-2025.
Tala for fysisk inaktivitet og overvekt eller fedme hos 17-åringar er basert på sesjonsdata og er oppdatert for heile landet. Tala for overvekt og fedme hos gravide er oppdatert med siste tilgjengelege tal frå 2024.
Overordna ser me ei positiv utvikling for fleire indikatorar, mellom anna ein liten nedgang i andelen ungdomar med skjermtid over 4 timar per dag og andelen unge med overvekt eller fedme. Men som alltid er det store geografiske forskjellar..
Sjekk din kommune her!
