Rapport frå nasjonal spørjeundersøking om Samhandlingsbarometeret

Rapport frå nasjonal spørjeundersøking om innhaldet i Samhandlingsbarometeret
Våren 2025 gjennomførte Helse Førde ei stor nasjonal undersøking til ei brei gruppe brukarar av Samhandlingsbarometeret: kommunar, helsefellesskap, regionale helseføretak, samhandlingsfora, fagmiljø, samarbeidspartnar og nasjonale instansar.
Målet med undersøkinga var å få svar på om data/indikatorar som Samhandlingsbarometeret publiserer er nyttige, og kva behov brukarane har for nye data. Vi spurte også om korleis nettportalen vert oppfatta som verktøy i brukarane sitt arbeid.
Resultat
Svara frå 210 respondentar viser at Samhandlingsbarometeret vert oppfatta som eit nyttig verktøy – spesielt når det gjeld tilgjengelegheit og samling av data frå ulike kjelder på ein stad. Samtidig er det tydeleg at kjennskapen til verktøyet er låg i enkelte miljø, og at datagrunnlaget og brukarvennlegheit kan forbetrast for å sikre større nytte og bruk.
Fleire forslag om nye data er allereie implementert i dagens løysing. Andre let seg ikkje realisere på noverande tidspunkt grunna tekniske avgrensingar og/eller manglande datagrunnlag. Likevel er det mange innspel som kan følgast opp på både kort og lang sikt – dette arbeidet er allereie i gang. Ei stor utfordring framover er å auke kjennskapen til Samhandlingsbarometeret sin kunnskapsbank, og sikre at informasjon om relevant innhald og hyppige oppdateringar når frem til relevante målgrupper.
Oppfølging
Målet er at Samhandlingsbarometeret skal vere eit levende verktøy som utviklast i takt med sektorane sine behov. Dette krev tett dialog med brukarane, oppdatert kunnskapsgrunnlag og tydeleg formidling. Innsikta undersøkinga har gitt oss gjer at vi har fått eit godt utgangspunkt, og med felles innsats kan vi gjere Samhandlingsbarometeret endå meir relevant for helse- og omsorgstenestene.
For å møte innspela frå brukarane, er ei rekke tiltak knytt til innhaldet i nettportalen, formidling og opplæring aktuelle. Side 15 i rapporten summerer opp konklusjon frå undersøkinga og aktuelle tiltak for oppfølging framover.
Lenke til rapporten: