Sentralitetsindeks
Statistisk sentralbyrå (SSB) har ein eigen indeks for sentralitet, som gir eit bilete avkor urban eller rural kommunen er i ein nasjonal målestokk.Sentralitetsindeksen er ein kode med ein utrekna verdi for kvar einskild kommune, som er eit mål for kommunen sin sentralitet. Berekninga av sentralitetsindeksen er basert på reisetid frå bebudde grunnkretsar i kommunen til sentrale servicefunksjonar og arbeidsplassar.
Definisjon
Indeksen ligg langs ein kontinuerleg skala frå 0 til 1000, der Oslo alltid har den høgaste verdien 1000 og alle andre kommunar blir målte relativt til Oslo. Verdiane blir grupperte i seks klassar, der lågare klasse viser høgare sentralitet (meir urban), og høgare klasse viser ein mindre sentral (meir rural) kommune.
Indeksen er sett saman av to del-indekser basert på: kor mange arbeidsplassar dei som bur i den enkelte grunnkrets kan nå med bil i løpet av 90 minuttar og kor mange ulike typar av servicefunksjonar (varer og tenester) dei som bur i den enkelte grunnkrets kan nå med bil i løpet av 90 minuttar [1, s.7]. Talet vert vekta, slik at ein arbeidsplass eller servicefunksjon som ligg nær bustaden tel meir enn ein som ligg lenger vekke. Dei to delindeksane blir vekta saman (67 % arbeidsplassar, 33 % servicefunksjonar) til ein samla indeks [1, s.18].
Måltal
Indikatoren er vist som sentralitetsindeks og -klasse for kvar kommune.
Metodiske avklaringar og tolking
Det er ikkje fastsett normative måltal for sentralitet. Indikatoren kan nyttast som eit samanlikningsgrunnlag for å forstå strukturelle rammevilkår som påverkar tilgjenge til arbeidsplassar og tenester. Han gir eit overordna bilete av sentralitet, men fangar ikkje opp alle lokale forhold (som lokale reisemønster og transporttilbod). Han bør derfor tolkast i samanheng med andre indikatorar for tenestetilgang og geografi.
Datakjelder
Sentralitetsindeksen - SSB
Referansar
[1] Høydahl, E. (2020). Sentralitetsindeksen. Oppdatering med 2020-kommuner. Notater 2020/4, Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/befolkning/folketall/artikler/sentralitetsindeksen/_/attachment/inline/aa8e00bb-5704-4b23-8ce3-1828cd6103f8:0fcdbdeb227f2ef11f95d3864a78c3efeab38640/NOT2020-04_web.pdf