Barn og unge med alvorlege psykiske lidingar
Indikatoren viser summen av følgjande diagnosegrupper (hoveddiagnose):
- F20: Schizofreni (psykoseliding). Ofte langvarige og behandlingstrengande tilstandar, som gjev varierande grad av funksjonsnedsetting og ofte behov for varige kommunale tenester.
- F22-F29: Andre psykoselidingar. Kan vere både langvarige og meir kortvarige, menvarierande periodar med betydelege symptom og hjelpebehov.
- F30-F33: Omfattar alvorlege stemningslidingar med maniar, depresjonar og bipolare lidingar. Kan ha større hjelpebehov i periodar, men også meir varig. Ulike alvorlegheitsgrader.
- F60-F69: Personlegheitsforstyrringar og åtferdsforstyrringar hjå vaksne. Ofte varige tilstandar som kan influere på evna til å fungere godt i samfunnet generelt. Ulike alvorlegheitsgrader.
Indikatoren viser data for aldersgruppa 0-20 år med 3-års glidande gjennomsnitt.
Av anonymitetsomsyn viser vi ikkje talet på pasientar i kommunen/bydelen det gjeld, men bruken av ulike spesialisthelsetenester dei står for årleg (med rate pr. 1000 innb. og absolutte tal).
Bruken av spesialiserte helsetenester for desse pasientgruppene blir presenterte som 4 ulike mål:
- Innleggingar i institusjon pr. år
- Liggedagar i institusjon pr. år
- Polikliniske konsultasjonar inkl. dagbehandling pr. år
- Private avtalespesialistbesøk pr. år
Diagnosane er dei same som for vaksenvariabelen, sjølv om nokre av diagnosane i uttrekket er mindre aktuelle hjå barn.
Desse pasientane har dei mest alvorlege og mest krevjande tilstandane når det gjeld behov for helsehjelp. Mange kan ha fleire besøk i spesialisthelsetenesta årleg, og omfanget av dette varierer også betydeleg mellom kommunane. Variabelen viser forbruket av spesialisthelsetenester for kommunane innanfor desse diagnosegruppene. Ein kan difor ikkje bruke dette som indikator for omfanget/talet av personar med desse diagnosane i den einskilde kommunen.
Datakjelde: Norsk Pasientregister (NPR) via Helse Vest.