Vaksne med alvorleg psykisk liding
Vaksne med alvorlege psykiske lidingar er ei av dei prioriterte gruppene i Helsefellesskapa i Noreg. Gruppa omfattar personar som har ei definert alvorleg psykisk liding og som har vore i kontakt med psykisk helsevern, og ofte har behov for koordinerte og langvarige helse- og omsorgstenester. Denne pasientgruppa har ofte høgare behov for både polikliniske og døgnbaserte tenester samanlikna med befolkninga generelt. Omfanget av vaksne med alvorlege psykiske lidingar utgjorde om lag 1,6 % av den vaksne befolkninga i Noreg i 2022 (1).
Definisjonar
Følgjande inkluderingskriterie frå Folkehelseinstituttet er nytta for vaksne pasientar (18 år og eldre) med alvorlege psykiske lidingar:
Minst ein episode i spesialisthelsetenesta innanfor eit år i psykisk helsevern registrert med tilstandskode (ICD-10, hovud- og bi-tilstandar):
- F20- F25- Schizofreni og schizoaffektive lidingar.
- F30–F33- Alvorlege stemningslidingar (omfattar mani, depresjon og bipolare lidingar).
- F60–F69-Personlegdomsforstyrringar.
Indikatoren inkluderer kontaktar med psykisk helsevern i Sektor 1 (Tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar), Sektor 2 (Psykisk helsevern for vaksne), Sektor 3 (Barn- og ungdomspsykiatri) eller Sektor 7 (Avtalespesialistar i psykisk helsevern).
Variablar
Indikatoren viser bruk av somatiske spesialisthelsetenester i fire kategoriar:
- Polikliniske konsultasjonar inkludert dagbehandling per år
- Innleggingar i institusjon per år
- Tal liggedøgn i institusjon per år
- Besøk hos private avtalespesialistar per år (sektor 7)
Måltal
Indikatoren viser tal pasientar, og rate per 1 000 innbyggjarar, som hadde kontakt med psykisk helsevern i løpet av det aktuelle året. Utvikling av dei ulike gruppene over tid vert presentert i eigne forløpskurver.
Følgjande variablar er publisert:
- Tal pasientar per år
- Polikliniske konsultasjonar inkludert dagbehandling per år
- Innleggingar i institusjon per år
- Liggedøgn i institusjon per år
- Besøk hos private avtalespesialistar per år (Sektor 7)
Metodiske avklaringar
- Teljing er basert på pasientlister i utvalgt pasientgruppe med alvorleg psysisk liding (PG3PL).
- Personar registrert i fleire kommunar i same år, blir tilordna den kommunen der siste helsekontakt er registrert, for å unngå dobbeltføring.
- Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte.
- På kommunenivå blir det ikkje publisert tal for grupper med færre enn fem personar. Dei vert likevel summert på høgare aggregert nivå og små avvik kan førekomme på grunn av anonymiseringsteknikk.
Indikatoren omfattar kun pasienter med dei mest alvorlege psykiske lidingane, og inkluderer ikkje alle som mottek behandling i psykisk helsevern. Bruken av spesialisthelsetjenester varierer betydeleg mellom kommunane. Nokre pasientar har hyppige konsultasjonar i spesialisthelsetenesta, medan andre ikkje har vore under spesialistbehandling i det aktuelle året. Det er derfor ikkje mogleg å bruke denne indikatoren til å estimere den samla førekomsten (prevalensen) av alvorlege psykiske lidingar i kver enkelt kommune.
Datakjelder
- Norsk pasientregister (NPR)
- Kommunalt pasient og brukerregister (KPR)
Samhandlingsbarometeret baserer si analyse på pasientliste for vaksne med alvorleg psykisk liding frå Folkehelseinstituttet.
Referansar
- Styringsinformasjon til helsefellesskapene. Del III. Helsedirektoratet 2022.