Antibiotikareseptar kommune
Dette er ein kvalitetsvariabel som viser antal antibiotikareseptar samla (utan metenamin) og rate pr. 1000 innbyggarar 0-79 år i kommunen.
Antibiotika er viktige og effektivemedisinar til behandling av infeksjonar med bakteriar, og har gjennom historia revolusjonert behandlinga av mange infeksjonssykdommar. Men mykje og feil bruk av antibiotika kan føre til utvikling av motstandsdyktige (resistente) bakteriar, og at antibiotika ikkje lenger har effekt på ulike bakteriar.
Ein reduksjon i den samla antibiotikabruken vil bremse og sannsynligvis redusere resistensutviklinga. Regjeringa sette i 2016 eit mål om 30 % redusert antibiotikabruk hos menneske innen utgangen av 2020. Folkehelseinstituttets komité for førebygging og bekjempelse av antibiotikaresistens (Antibiotikakomitéen) har sett eit langsiktig mål om å komme ned på 250 reseptar/1000 innbyggarar per år.
Kun reseptar som er utlevert på apotek er inkludert i statistikken. Antall utleveringar av antibiotika kan vere underestimert for område med låg apotek-tetthet. I slike område kan andelen som får utlevert legemiddel (m.a. antibiotika) til akutt behandling direkte frå legekontor eller legevakt, vere høgare enn i andre område.
Legemiddel til pasientar i sjukehus eller sjukeheimar vert ikkje henta ut på resept, og er derfor ikkje med i denne statistikken. Blant personar over 80 år, vil ein varierende andel bu på sjukeheimar og legemiddelbruken ikkje vere registrert i Reseptregisteret. Statistikken har difor ikkje med desse.
Kjelde: Reseptregistret, Folkehelseinstituttet (FHI)