Barn og unge 0-20 år med langvarige og samansette behov
Variabelen viser andelen (%) og antalet av barn og unge med langvarige og samansette behov for tenester frå ulike instansar, både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. I 2023 utgjorde dei rundt 8% av barn og unge i alderen 0-20 år.
Utplukket omfattar barn og unge med medfødde tilstandar, funksjonsnedsettelsar, kronisk sjukdom, alvorleg sjukdom, psykiske lidingar og andre store helseutfordringar. Variabelen er basert på informasjon frå både somatisk spesialisthelseteneste, psykisk helsevern og frå kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar. Dette inkluderer difor data frå både NPR (Norsk pasientregister) og KPR (Kommunalt pasient- og brukerregister).
Følgande tenesteområde er inkludert, og personen har vore registrert innan eit eller fleire av desse, i det aktuelle kalenderåret :
-Personen er registrert med eit utval av ICD-10-diagnosar (hoved- eller bidiagnose) ved somatiske sjukehus, psykisk helsevern for vaksne eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Personen har fått habiliteringstenester
- Personen har minst 1 døgnopphold eller 20 eller fleire dagbehandlingar og polikliniske konsultasjonar innan psykisk helsevern (PHV + BUP).
- Personen mottek ei form av kommunale teneste (helse/omsorg)
- Personen har fått oppnevnt koordinator eller har individuell plan.
Det er altså ikkje ei spesifikk gruppe barn og unge, men fleire grupper og med ulike behov for helse- og omsorgstenester, og slik sett inkluderer det personar som har særleg behov for god samhandling.
Det er ei av dei fire prioriterte områda for Helsefellesskapa i Noreg.
Teknisk:
Dersom nokon er registrert i to eller fleire ulike kommunar i perioden pga. ev. flytting så blir personen summert inn i den siste kommunen som personen har registrert aktivitet på i datautvalet. Dette for å unngå dobbel telling av samme person på høgare aggregert nivå. Og for antall under 5 (på dei samla i N/øvrige NN/øvrige er 5 eller høgare) blir samla og summert opp med kommunar til det tallet også.
Datakjelder: NPR og KPR.er 5 eller høgare )