Deltaking i fritidsaktivitetar, ungdom
Indikatoren viser andelen ungdomsskuleelevar (8.–10. trinn) som i Ungdata-undersøkinga svarar «Ja, eg er med nå» på spørsmålet om Er du, eller har du tidlegare vært med i nokon organisasjonar, klubber, lag eller foreiningar - etter at du fylte 10 år? Utrekningane er baserte på andelen av elevane som har svart på spørsmålet.
Datagrunnlaget er henta frå Ungdata-undersøkingane, som vert gjennomførte av NOVA i samarbeid med regionale kompetansesenter innan rusfeltet, og publiserte av helsedirektoratet.
Indikatoren inneheld tremåltal etter familiensine sosioøkonomiske ressursar (SØR):
- Låg SØR:tredjedelen med minst sosioøkonomiske ressursar
- Middels SØR: tredjedelen som ligg i midten av fordelinga
- Høg SØR: tredjedelen med mest sosioøkonomiske ressursar
Klassifiseringa bygger på ein skala basert på foreldra si utdanning, talet på bøker i heimen og vurdert velstandsnivå i familien.
Deltaking i organisasjonar, klubbar og lag gir ungdom sosiale erfaringar og læringsvilkår som skil seg frå både skule og uformelle samanhengar. Slike arenaer kan fremme personleg utvikling, samarbeidsevne, meiningsytring og målretta arbeid. Forsking viser ein positiv samanheng mellom deltaking i organiserte fritidsaktivitetar og skuleprestasjonar, særleg blant ungdom som investerer mykje tid over lengre periodar. Aktiv deltaking kan også styrke psykisk helse. Det er dokumenterte sosioøkonomiske skilnader i deltakinga.(Microsoft Word - Rapp-3-16-L-fra-Anders.docx)
Ved tolking av resultata må det vurderast om skulane som har delteke i undersøkinga er representative for kommunen som heilskap. Respondentar utan oppgitt kjønn eller klassetrinn er ekskluderte frå analysane. Frå og med 2016 er også data frå haustgjennomføringar utelete. Som hovudregel vert treårige gjennomsnittstal nytta for både land og fylke, men det vart gjort unntak for åra 2021, 2022 og 2023 grunna pandemien.For 2021 og 2022 er referanseverdiane baserte på enkelttal frå det aktuelle året, grunna påverknaden pandemien hadde på livssituasjonen til ungdom. For 2023 er gjennomsnittet av data frå 2022 og 2023 nytta. Merk at det berre er Oslo og Møre og Romsdal som gjennomførte undersøkinga i 2023.
Dataavgrensingar og personvernomsyn frå datakjelda
Følgjande forhold kan føre til at data ikkje vert publiserte:
- Statistikkar basert på færre enn fire tilfelle vert ikkje publisert av omsyn til personvernet.
- Når befolkningsgrunnlaget i eit segment er mindre enn ti personar, vert tala utelatne.
- Fylkesdata blir ikkje vist dersom dei omfattar mindre enn halvparten av ungdomsbefolkninga i fylket.
- Når det manglar informasjon om kjønn, klassetrinn eller tidspunkt for undersøkinga, er det ikkje mogleg å standardisere data, og resultata vert difor ikkje publiserte.
- Kommunar som har vore gjennom kommunesamanslåingar eller -delingar kan mangle data for periodar før eller etter endringane.
- Datainnsamlinga i 2020 vart delvis stoppa pga.nedstengingar i samband med pandemien, noko som førte til at fleire kommunar ikkje fekk gjennomført undersøkinga som planlagt.
Ungdata-undersøkinga blir ikkje gjennomført kvart år og på same tid i alle kommunar, noko som også påverkar tilgelegheita av data og tolkingane av resultat.
Kjelde institusjon: Helsedirektoratet (Folkehelsestatistikk og profiler - Helsedirektoratet)