Befolkningsframskriving og berekraft
Forventa utvikling av innbyggartalet og alderssamansetninga i befolkninga er av stor interesse i all planlegging og prioritering, særleg for kommunane.
Statistisk Sentralbyrå (SSB) lager prognosar basert på eigne framskrivingsmodellar og presenterer dei ofte som tre ulike alternativ; høgt, middels og lågt anslag. I SB er det middel-alternativet som blir presentert. Det er viktig å understreke at slike anslag kan bli endra av ulike tilhøve, som t.d. oppretting og nedlegging av nye større arbeidsplassar etc.
Berekraftsbrøk handlar om forholdet mellom tal personar i arbeidsfør alder og talet på alderspensjonistar. Dette vil handle om tilgjengeleg arbeidskraft i høve dei eldre som er utanfor arbeidslivet. Utviklinga av denne i tida framover er av stor betydning for samfunnsplanlegginga. Sidan ein stor del også i yngre aldersgrupper er utanfor arbeidet gjennom uførepensjonering, har SB ein variabel som korrigerar også for dette (uførejustert berekraftsbrøk). På same måte har ein omsorgsbrøk for barn og unge som ikkje er nådd arbeidsfør alder.
Framskrivingstall er henta frå tabellnr 14288 (2024 prognosen) i SSB.
Kjelder: SSB og FHI