ForsideStatus og historikk
DefinisjonFullskjerm
Definisjon
Demografiske nøkkeltal
Status og utvikling i folketal og endring i samansetning av befolkninga er sentralt å ha med i all form for planlegging, ikkje minst knytt til helse- og omsorgstenester. Vi ser at folketalet i større byar veks og prognosane tilseier at dette også vil halde fram i åra som kjem. Utkantkommunar får redusert folketal og ei sterkare forskyving mot dei eldre aldersgruppene.
Samhandlingsbarometeret inneheld nokre sentrale demografiske variablar:
- Samla befolkning i dag, og forventa utvikling til 2030 og 2040.
- Tilsvarande inndelt i 6 ulike aldersgrupper og kjønn
- Netto tilflytting (= tilflytting minus fraflytting)
- Fødselsoverskot (= antal fødde minus antal døde)
- Andel innvandrarar i områda
Kjelde: SSB https://www.ssb.no/befolkning?de=Befolkningsframskrivinger