Fysisk aktivitet - ungdom 17 år
Fysisk aktivitet omfattar meir enn berre trening, men andelen ungdom som trenar sjeldnare enn éin gong i veka kan likevel gje ein indikasjon på det generelle aktivitetsnivået. For lite fysisk aktivitet og høg grad av stillesitting er kjende risikofaktorar for fleire alvorlege sjukdomar, som hjarte- og karsjukdom, kreft og type 2-diabetes [1].
Definisjon
Indikatoren er basert på spørsmål om treningshyppigheit med svaralternativa: «Sjeldnere enn 1 gang i uka», «1-2 ganger i uka», «3-4 ganger i uka» eller «5 ganger i uka eller mer».
Måltal
Indikatoren vise andel (%) ungdom, samla og fordelt på kjønn, som trenar sjeldnare enn ein gong i veka. Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Statistikkane vert publiserte av Helsedirektoratet og er presentert som eit treårig glidande gjennomsnitt. Dette inneber at tala er basert på overlappande treårsperiodar, der det siste året i kvar periode vert nytta som referanseår. Samla andel er standardisert for kjønn. Følgjande reglar ligg til grunn for at data manglar, er skjult eller utelate:
- Statistikk basert på færre enn fem tilfelle vert skjult av personvernomsyn.
- Dersom befolkningsgrunnlaget tel mindre enn ti personar
- Tal for ei undergruppe vert skjult dersom dette samansett med tal for ei overgruppe kunne vore brukt til å greie ut eit tal som er skjult av personvernomsyn
- Dersom meir enn 20% av tala i ein tidsserie er skjult vert heile tidsserien skjult
- Tidsserien vert også skjult dersom meir enn 50% av tala i seien er basert på 6 eller færre tilfelle
Datakjelder
Helsedirektoratet
Datagrunnlaget kjem frå nettbasert sesjon 1 i samband med vernepliktsregistreringa i Forsvaret.
Referansar
[1] Folkehelserapporten – Fysisk aktivitet, FHI