Gjennomsnittsalder i befolkninga
Indikatoren gjennomsnittsalder representerer den samla alderssamansetninga i eit område, og fungerer som eit sentralt mål på den demografiske strukturen i kommunar og regionar. Særleg i distriktskommunar, der ein ofte ser ein aukande del eldre kombinert med lågare fødselsrate vil gjennomsnittsalderen vere relativt høg, som eit teikn på stagnasjon i folketalet,. Utviklinga i gjennomsnittsalder over tid er eit viktig teikn på demografisk endring, og gir innsikt i potensielle framtidige utfordringar knytt til dømes til helsetenester både i kommune- og spesialisthelsetenesta, i arbeidsmarknad og i bustadplanlegging. Per 2025 nærmar gjennomsnittsalderen i Noreg seg 42 år. Enkelte kommunar har likevel ein gjennomsnittsalder opp mot 50 år, noko som indikerer ei særleg aldrande befolkning i desse områda.
Definisjon
Gjennomsnittsalder er berekna som aritmetisk middelverdi av alder i heile år for alle busette per 1. januar. Det er lagt til 0,5 år for å korrigere for avrunding.
Måltal
Indikatoren er vist som gjennomsnittsalder i år og nyttast til å beskrive den samla alderssamansetninga i befolkninga.
Metodiske avklaringar
Indikatoren er sensitiv for endringar i alderssamansetning, særleg i små befolkningar. Han gir eit overordna bilete, men fangar ikkje opp fordelinga innanfor aldersgrupper. Bør derfor supplerast med meir detaljerte aldersdata.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Tabell 07459 (befolkning per kommune)
Tabell 10826 (befolkning per bydel)