KAD/ØHD indikatoren (2021) har følgjande variablar:
- Vertskommune (KAD) og tilhøyrande kommune(ar)
- Antal innleggingar og samla liggedøgn
- Gjennomsnittleg liggetid
- Innleggingar og liggedagar pr. 1000 innb. i kommunen
Kartpresentasjonen har aukande blåfarge etter bruken av KAD-plassane.
Fordi det ikkje er innrapportert data frå 2021 for mange KADar står det berre talet 0 i tabellar, og kvitt område i kartet
I etterkant av Samhandlingsreforma vart det i 2016 innført ei plikt for kommunar til å organisere kommunalt drivne akutte heildøgnsplassar (KAD/ØHD). Desse vart først retta inn mot somatiske lidingar, men frå 2017 vart også psykiatri og ruslidingar inkludert.
KAD/ØHD er forankra i Helse- og omsorgstjenestelova § 3-5 tredje ledd:” Kommunen skal sørge for tilbud om døgnopphold for helse- og omsorgstjenester til pasienter og brukere med behov for øyeblikkelig hjelp. Plikten gjelder kun for de pasienter og brukere som kommunen har mulighet til å utrede, behandle eller yte omsorg til.”
Bruken av KAD-plassane har imidlertid variert mykje, og den samla bruken (beleggsprosenten) har aldri vore i nærleiken av det den vanlegvis er for anna institusjonshelseteneste.
For små kommunar har det vore krevjande å bemanne eit fåtal KAD-senger i eigen kommune. Fleire kommunar har difor gått saman om å drifte KAD-einingar i ein vertskommune, der pasientar frå kommunar rundt denne blir innlagt. Størrelsane på KAD-ordningane varierer difor frå enkeltsenger i dei minste kommunane til større interkommunale einingar med fleire sengeplassar.
Slik sett kan avstandar/reisetid til KAD-plassane påverke omfanget av bruken. Det same kan ulike faglege kulturar og haldningar mellom fastlegar og legevaktslegar, som er dei som står for storparten av KAD-innleggingane.
Rapporteringa av bruken av KAD-ordningane varierer også, og for mange KAD-område ligg det ikkje ute data pr. i dag.
Samhandlingsbarometeret presenterer likevel eit oppsett basert på organiseringa av KAD-område rundt om i landet. Heilt i nord er det tradisjon med sjukestover som inngår som KAD, og her er bruken også klart høgare.
Datakjelde: https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/status-for-oyeblikkelig-hjelp-dogntilbud