Kommunal akutt døgnordning (KAD)
I etterkant av Samhandlingsreforma vart det i 2016 innført ei plikt for kommunar til å organisere kommunalt drivne akutte heildøgnsplassar (KAD/ØHD). Desse vart først retta inn mot somatiske lidingar, men frå 2017 vart også psykiatri og ruslidingar inkludert. KAD/ØHD er forankra i Helse- og omsorgstjenestelova § 3-5 tredje ledd: ”Kommunen skal sørge for tilbud om døgnopphold for helse- og omsorgstjenester til pasienter og brukere med behov for øyeblikkelig hjelp. Plikten gjelder kun for de pasienter og brukere som kommunen har mulighet til å utrede, behandle eller yte omsorg til.”
Bruken av KAD-plassane har imidlertid variert mykje, og den samla bruken (beleggsprosenten) har aldri vore i nærleiken av det den vanlegvis er for anna institusjonshelseteneste. For små kommunar har det vore krevjande å bemanne eit fåtal KAD-senger i eigen kommune. Fleire kommunar har difor gått saman om å drifte KAD-einingar i ein vertskommune, der pasientar frå kommunar rundt denne blir innlagt. Størrelsane på KAD-ordningane varierer difor frå enkeltsenger i dei minste kommunane til større interkommunale einingar med fleire sengeplassar. Slik sett kan avstandar/reisetid til KAD-plassane påverke omfanget av bruken. Det same kan ulike faglege kulturar og haldningar mellom fastlegar og legevaktslegar, som er dei som står for storparten av KAD-innleggingane.
Definisjon
KAD/ØHD indikatoren har føljande variablar
- Vertskommune (KAD) og tilhøyrande kommune(ar)
- Tal innleggingar og samla liggedøgn
- Gjennomsnittleg liggetid
- Innleggingar og liggedagar per 1000 innbyggarar i kommunen
Måltal
Indikatorane vert presentert som tal og rate per 1000 innbyggarar i kommunen for innleggingar og samla liggedøgn, samt gjennomsnittleg liggetid. Kartpresentasjonen har aukande blåfarge etter bruken av KAD-plassane.
Metodiske avklaringar
Rapporteringa av bruken av KAD-ordningane varierer og for mange KAD-område ligg det ikkje ute data per i dag. Der det ikkje er innrapportert data for 2023 står talet 0 i tabellar og kvitt område i kartet. Heilt i nord er det tradisjon med sjukestover som inngår som KAD, og her er bruken også klart høgare.
Datakjelder
Helsedirekoratet
https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/status-for-oyeblikkelig-hjelp-dogntilbud