ForsideKommuneprofil
Definisjon
Definisjon Kommuneprofil:
Under Kommuneprofil vert 18 utvalde nøkkelindikatorar presentert. Desse gjev eit raskt overblikk over korleis valgt kommune ligg an på nøkkelindikatorane samanlikna med landsgjennomsnittet (gult område). Det blå området rundt det gule viser +/- avvik frå landsgjennomsnittet.
Vil ein sjå på andre variablar enn dei som kjem opp automatisk, kan ein hente fram andre variablar i nedtrekksmenyen:
Demografi
- Endring i folketalet fram til 2040
- Endring i andelen på 80 år og over fram til 2040 (personar over 80 år treng klart meir tenester enn aldersgruppene under)
- Berekraftsbrøk i 2020 (talet på personar i yrkesaktiv alder pr. pensjonist)
- Forventa berekraftsbrøk i 2040
Folkehelsemål
- Forventa levealder ved fødsel for kvinner (ein samleindikator for folkehelsa i kommunen)
- Forventa levealder ved fødsel for menn
- Tidleg død (<75 år) av hjerte- og karsjukdom
- Tidleg død av kreft
- Tidleg død av voldsomme (eksterne) årsaker, t.d. ulykker, sjølvmord, overdose
Samhandlingsmål
- Liggedagar sjukehus
- Konsultasjonar poliklinikk
- Konsultasjonar private avtalespesialistar
- Reinnlegging 30 dagar
- Utskrivingsklare liggedøgn
- Budsjettandel helse- og omsorg (prosent) 2020
- Andel av 80 år + med heimetenester (inkludert omsorgsbustad)
- Andel av 80 år + på sjukeheim (institusjon)
- Andel personell med fagutdanning
Datakjelder: NPR og Kostra