Kronisk sjukdom
Omfanget av kronisk sjukdom i befolkninga har auka over tid, og særleg har gruppa med fleire kroniske sjukdommar samtidig (multimorbide/multisjuke) fått merksemd.
Identifiseringa av denne pasientgruppa skjer med bakgrunn i aktivitet ( basert på eit sett med ulike diagnosar) i spesialisthelsetenesta, og der pasienten er frå 18 år og oppover. Eit sentralt krav er ogsåat pasienten har fått behandling for lidingane innanfor same kalenderåret.
Tilstandane (diagnosane ICD-10) som ligg bak utplukket går fram av følgjande matrise:
Samhandlingsbarometeret presenterer data etter følgande inndelingar:
-Pasientar registrert med ein eller fleire kronisk sjukdomari det aktuelle året: Kronisk sjukdom (1+)
-Pasientar med to eller fleire registrerte kroniske sjukdomar i minst 2 ulike organsystem i det aktuelle året: Multisjukdom (2+).
-Pasientar med 3 eller fleire kroniske sjukdomar i minst tre ulike organsystem: Kompleks multimorbiditet (3+).
-Utvikling av dei ulike gruppene over tid (forløpskurver).
-Aldersgrupper: 18-69 år og 70 år og over.
Det er generelt ikkje store skilnader mellom kjønna, slik at dette ikkje vert presentert (også for å unngå for små talI.
Det er viktig å vere merksam på at pasienten ikkje kjem med i denne statistikken dersom han/ho ikkje har vore innom spesialisthelsetenesta, eller berre har fått behandling for den kroniske lidinga i kommunehelsetenesta i det aktuelle året. Det same gjeld pasientar på kommunale institusjonar (sjukeheimar etc.) som får behandling der i staden for i spesialisthelsetenesta. Andelane vil difor omfatte dei mest behandlingskrevande med kronisk sjukdom.
Det reelle talet på personar som har fått diagnostisert kronisk sjukdom ein gong i livet vil nok difor vere noko høgare enn det vi finn i datamaterialet,
Konfidensialitet: Der det er mindre enn 5 tilfellei ein kommune blir desse filtrerte skjult. Men summert med på høgare aggregert nivå.
Talet på personar med kroniske sjukdommar vil auke med alderen, men når ein topp rundt 75-80 årsalderen for begge kjønn.
Det er vidare sentralt å vise kor mykje gruppa med multisjuke brukar av tenester både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i form av:
-Innleggingar, liggedagar og poliklinikkbesøk/dagbehandling
-Kommunale helsetenester: Konsultasjoner hjå fastlege/legevakt.
Det vil også vere noko overlapping mot gruppa med skrøpelegheit som er basert på registreringar som er gjennomført i kommunane(IPLOS-registreringar).
Teknisk: Dersom pasient flytter blir til-kommunen valgt for det aktulle året (for å unngå dobbelt telling på aggregert nivå).
Kjelde: NPR (Norsk Pasientregister)/KPR (Kommunalt Pasientregister)