Overvekt og fedme - ungdom 17 år
Bakgrunn
Overvekt blant ungdom aukar risikoen for vedvarande fedme og seinare kroniske sjukdommar, som diabetes og hjarte‑ og karsjukdom [1]. Tala viser at ca. 15–20 % av ungdom har overvekt eller fedme, og dette talet har vore stabilt over fleire år [2]. I tillegg kan overvekt påverke sjølvbilete, psykisk helse og sosial moglegheit, og indikatoren er derfor sentral for folkehelse- og aktivitetsarbeid retta mot unge.
Definisjon
Overvekt, inkludert fedme, er definert som ein kroppsmasseindeks (KMI) lik eller høgare enn 25 kg/m². Prosenttala er basert på alle ungdommar som har oppgitt høgde og vekt i den nettbaserte sesjon 1 knytt til vernepliktsregistrering i Forsvaret. KMI er rekna ut frå desse sjølvrapporterte måla, og klassifiseringa byggjer på IOTFs (International Obesity Task Force) alders- og kjønnsspesifikke grenseverdiar.
Måltal
Indikatoren vise andel (%) ungdom, samla og fordelt på kjønn, med overvekt eller fedme. Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Statistikken er presentert som eit fireårig glidande gjennomsnitt, det vil seie eit gjennomsnitt for overlappande fireårsperiodar, der det siste året i kvar periode vert nytta som referanseår. Samla andel er standardisert for kjønn. Data for enkelte kommunar er skjult av personvernomsyn og krav til datakvalitet.
Følgjande reglar ligg til grunn for at data manglar, er skjult eller utelate:
- Statistikk basert på færre enn fem tilfelle
- Der befolkningssegmentet, som tilfella er henta ifrå, er mindre enn 10
- Tal for undergrupper er skjult dersom dei kan nyttast til å rekne ut skjulte verdiar for andre grupper.
- Tidsseriar vert skjulte dersom meir enn 20 prosent av verdiane i serien er skjulte
- Tidsseriar vert òg skjulte dersom meir enn 50 prosent av datagrunnlaget er basert på seks eller færre tilfelle.
Datakjelder
Helsedirektoratet
Datagrunnlaget kjem frå nettbasert sesjon 1 i samband med vernepliktsregistreringa i Forsvaret.
Referansar
[1] Folkehelserapporten: Overvekt og fedme hos barn og ungdom. FHI
[2] Indikatorer for ikkje-smittsomme sykdommer: Overvekt og fedme blant ungdom. FHI.