Reinnleggingar i somatikk
Akutte reinnleggingar innan 30 dagar nyttast som ein nasjonal kvalitetsindikator for å måle kvaliteten på samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta. En høg andel reinnleggingar vert ofte tolka som eit teikn på svikt i overgangane eller for tidleg utskriving (1).
Definisjon
Reinnlegging er ein ny akutt innlegging som skjer mellom åtte timar og 30 dagar etter utskriving frå eit forutgåande somatisk sjukehusopphald. Dette er uavhengig av årsak, og kva sjukehus det skjer på. Indikatoren vert berekna for pasientar mellom 0 og 69 år, og eldre enn 70 år.
Måltal
Indikatoren viser tal pasientar og rate per 1000 innbyggjarar i den aktuelle aldersgruppa og for kommunen pasienten høyrer til.
Datakjelder
Norsk pasientregister (NPR)
Referansar
- Wyller TB (2020) Reell samhandling forebygger reinnleggelse. Tidsskr Nor Legeforen, 140 (1). DOI 10.4045/tidsskr.19.0724
Teknisk uttrekk
Slik blir somatiske reinnleggelsar plukka ut i NPR data:
Opphold 1 : (primær utskrivelsen)
• somatikk (sektor/omsorgstype = 4)
• omsorgsnivå = 1
• Plukkar ut sykehusopphold (dvs. niva <> ‘F’)
Opphold 2: (sjølve reinnleggelsen)
• Somatikk (sektor = 4 )
• Plukkar ut sykehusopphold (dvs. niva <> ‘F’)
• omsorgsnivå = 1 --(døgn)
• innmateHast=1 -- Akutt / øhjelp
• Inntidspunkt på opphold 2 er mellom 8 til 30 * 24 timar etter uttidspunkt på opphold 1 for (aktuell pasient).
• (Ser helt vekk frå tilstandar)
• (Ser helt vekk frå om det er samme HF som skreiv ut pasienten i opphold1 )
Finner så antall reinnleggelsar ved å summere antall «opphold 2».