Skrøpelege eldre
Indikatoren er viser sum eldre 75 år og over som har minst ei IPLOS-måling i kommunal helse- og omsorgsteneste med ein funksjonsverdi 3-5 på minst 1 av dei 10 i tabellen under. I tråd med Helsedirektoratet sin definisjon er funksjonsverdien summert, og endar opp med 4 ulike grupper:
1: Noko redusert funksjon 2: Redusert funksjon 3: Dårleg funksjon 4: Svært dårleg funksjon
I samråd med Helsedirektoratet er gruppe 1 og 2 slått saman til Noko skrøpelege (prefragile) og 3 og 4 slått saman til gruppa Skrøpelege (fragile).
Desse er presentert med andelar av befolkninga ≥ 75 år, antalet personar det gjeld og summen av begge. Gruppa Noko skrøpelege er kanskje den som er mest egna for førebyggande tiltak i kommunar og spesialisthelseteneste.
Data blir presentert på Helseføretaksnivå (Helsefellesskapsnivå) og på kommunenivå, med unntak av for små kommunar der talet personar det gjeld er under 5.
IPLOS rangerer funksjonsnivået på 20 ulike område, men berre halvparten av desse er med i utplukket av skrøpelege her. Desse er følgjande:
Eldre har store individuelle skilnader i helsetilstand, og aldersgruppa ≥ 75 år omfattar både spreke og robuste eldre så vel som multisjuke og skrøpelege. Robuste eldre toler akutte påkjenningar omtrent som andre vaksne.
Skrøpelege eldre har derimot betydeleg redusert reservekapasitet og auka sårbarheit for påkjenningar. Dei har ofte atypiske symptom fordi organsystema og evna til å oppretthalde likevekt er svekka. Blant skrøpelege er det vanleg med ufrivillig vekttap, tap av muskelmasse og muskelstyrke, redusert ganghastigheit, eit lågt aktivitetsnivå og dei blir lett utmatta.
Teknisk: rader med ugyldig kommunenummer er ekskludert frå telling. (har ikkje bruk iikomnr)