Akutte korttidsinnleggingar
Eit sentralt mål i samhandlingsreforma og seinare Helsefellesskapa, er å betre pasientforløp og å gje tenester nærare der pasienten bur, altså gjennom den kommunale helsetenesta. Eit av tiltaka har vore opprettinga av tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp i kommunen, ofte i samarbeid med andre kommunar (ØHD-sengeplassar, også kalla KAD).
Desse ØHD-plassane er tenkt som eit alternativt kommunalt behandlingstilbod i staden for innlegging på sjukehus, men kan også medføre vidare innlegging i spesialisthelsetenesta. Det er ikkje tenkt som rehabiliteringsopphald etter sjukehusinnleggingar. Dette tilbodet har vore forventa å kunne redusere talet på øyeblikkeleg-hjelp innleggingar i spesialisthelsetenesta frå dei aktuelle kommunane.
Indikatoren Akutte medisinske korttidsinnleggingar omfattar slik den delen av akuttinnleggingar som særleg vil vere aktuelle å behandle innanfor det kommunale helsetilbodet, inkludert ØHD-senger, i staden for å bli innlagt i spesialisthelsetenesta Lokale forhold som t.d. alderssamansetting, kommunale ressursar/organisering og behandlingskulturar lokalt vil kunne påverke dette.
Definisjon
Indikatoren viser omfanget av akutte medisinske korttidsinnleggingar. Dette er den delen av akuttinnleggingar som vert utskrivne etter kort tid (0-2 døgn), og der behandlinga av den grunn har vore avgrensa og kortvarig. Indikatoren er delt i to aldersgrupper; 0-79 år og 80 år og eldre.
Måltal
Indikatoren viser tal innleggingar og rate per 1000 innbyggjarar. Alle rate er rekna om til 1-årsrate/tal basert på gjennomsnittet av to samanhengande år. Utvikling over tid vert vist i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Uttrekket er basert på medisinske DRG-grupper som omfattar aktivitet ved mange ulike avdelingar, ikkje berre det som i daglegtale blir omtala som «medisinske avdelingar». Innleggingar der det er utført kirurgiske inngrep/prosedyrar er ikkje inkluderte. Dette inneber altså at mange av pasientopphalda på ulike kirurgiske avdelingar vil bli rubriserte som medisinske DRG-ar.
Datakjelder
Norsk pasientregister (NPR)
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Teknisk uttrekk
Filter som er brukt: tilSted in(1,11) and innmateHast = 1 and drg_type in ('M','') and omsorgsniva in (1,2) and liggetid_grp in ('1','2','3')