Akutt korttidsinnlegging (0-2 døgn, med. DRG)
Data er oppgitt som rate (andel) pr. 1000 innb., og som samla antall. 1-årige gjennomsnittstall basert på to samanhengande år, og utvikling over fleire år.
To aldersgrupper: 0-79 år og 80 år+
Beskriving
Indikatoren viser medisinske kortidsinnleggingar pr. helseføretak og kommune/bydel. Dette er den delen av akuttinnleggingar som vert utskrivne etter kort tid (0-2 døgn), og der behandlinga av den grunn har vore avgrensa og kortvarig.
Uttrekket er basert på medisinske DRG-grupper. I tolkinga er det sentralt å ha med seg at medisinske DRG-grupper omfattar aktivitet ved mange ulike avdelingar, ikkje berre det som i daglegtale blir omtalt som «medisinske» avdelingar. Berre innleggingar der det er utført kirurgiske inngrep/prosedyrar er ikkje inkluderte.
Grunngjeving for val av indikator
Eit sentralt mål for Samhandlingsreforma/Helsefellesskapa er å betre pasientforløpa og å gje tenester nærare der pasienten bur, dvs. knytt til kommunale tilbod. Eit av tiltaka har vore å opprette tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp i kommunen (ØHD, tidvis også kalla KAD-plassar).
Desse ØHD -plassane er tenkt som eit alternativt tilbod til sjukehusinnlegging. Det nye tilbodet er difor forventa å kunne redusere talet på øyeblikkeleg-hjelp innleggingar i spesialisthelsetenesta frå dei aktuelle kommunane.
Indikatoren Medisinske akutte korttidsinnleggingar omfattar då den delen av akuttinnleggingar som særleg vil vere aktuelle å behandle innanfor det kommunale helsetilbodet, inkludert ØHD-senger, i staden for å bli innlagt i spesialisthelsetenesta.
Vi får då ein peikepinn på korleis kommunane ligg an lokalt samanlikna med andre kommunar, helseføretak og nasjonalt.
Mange lokale forhold som t.d. alderssamansetting, kommunale ressursar/organisering og behandlingskulturar lokalt vil kunne påverke omfanget.
Metode
Filter som er brukt: tilSted in(1,11) and innmateHast = 1 and drg_type in ('M','') and omsorgsniva in (1,2) and liggetid_grp in ('1','2','3')
Kjelde og lenker
Datakjelde: Norsk Pasientregister (NPR). Tal er henta frå alle helseføretak, private sjukehus og klinikkar som rapporterer inn til NPR.