Under indikatoren Fastlegeordninga ligg tre variablar :
- Andel av fastlegar med spesialitet i allmennmedisin
Variabelen viser kor stor andel (prosent) av fastlegane som har spesialisering i allmennmedisin og utviklinga av dette over tid. Spesialistutdanninga er eit 6,5 års utdanningsløp i etterkant av autorisasjon som lege. Utdanninga skal sikre god kompetanse i praksisen, og gjev større fagleg tryggheit for både fastlege og pasient.
Kompetanseforskrifta krev at alle fastlegar som startaretter 2017 skal vere spesialist eller under spesialisering i allmennmedisin.
- Antal ubesette (ledige) fastlegestillingar
Talet på ubesette fastlegestillingar har auka dei siste åra, men dette varierer både over tid og mellom kommunane. Sidan talmaterialet som er tilgjengeleg ligg eit år bak i tid kan situasjonen pr. i dag være ulikt det variabelen viser.
- Prosentdel innbyggarar utan fast lege
Innbyggarar i ein kommune er del av fastlegeordninga ved å stå som listeinnbyggar på ei fastlegeliste. Lista kan vere med eller utan fast lege, eller vere knytt til ein eller fleire vikarar. Variabelen viser kor stor prosentdel av innbyggarane som er på fastlegeliste, men som ikkje har fast lege.
- Gjennomsnittleg stabilitet (antal år) i lege/pasientforholdet
Variabelen viser kor lenge listeinnbyggarane har vore tilknytt fastlegen. I berekninga av varigheita på relasjonen er det ikkje korrigert for om det har vore inne ein vikar for fastlegen i kortare eller lengre periodar. Om ein listeinnbyggar flyttar, eller vel ein ny fastlege i same kommune, så kan dette trekke andelen ned. Andre årsaker kan være at legen reduserer listetaket, og at listeinnbyggarane dermed automatisk blir tildelt ein ny fastlege.
Forsking viser at eit langvarig behandlingsforhold (kontinuitet) mellom fastlegen og ein pasient gir betre samarbeid, større opplevd tilfredsheit, betre førebygging, meir omfattande behandling og mindre dobbeltbehandling. Studiar har vist at kontinuitet i lege-pasient forholdet gjev redusert dødelegheit, spesielt mellom eldre pasientar, og redusert bruk av spesialisthelsetenester, sjukehusinnleggingar og legevaktbesøk.
Data vert presentert som nasjonale tal (Norge), fordelt på aktuelle fylke og for kvar kommune. Ein finn både tabell, kurve og geografisk presentasjon.
Fastlegeordninga i Norge vart innført i 2001, og skulle sikre kontinuitet og stabilitet i forholdet mellom pasient og fastlege. Fastlegen skulle vere inngangsporten til spesialisthelsetenesta (portvaktarfunksjon), gjennom at tilvisingar dit skjer gjennom fastlegen.
Fastlegeordninga har kome under press dei seinare åra og arbeidsmengdene har auka, kanskje særleg etter innføringa av Samhandlingsreforma. Mange stader har det vore mangel på søkarar til stillingane, og mange kommunar blir avhengig av innleige av korttidsvikarar som både er kostbart og gjev mindre stabilitet.
Datakjelde:
https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/kvalitetsindikatorer