Akuttinnlegging (med. DRG)
Indikatoren er delt i to aldersgrupper: 0-79 år, og 80 år+
Kjelde: NPR/SSB. Alle rate er rekna om til 1-årsrate/antall basert på gjennomsnittet av to samanhengande år.
Beskriving:
Indikatoren viser omfanget av akutte medisinske innleggingar fordelt på helseføretak, kommunar og bydelar. Ein kan velje mellom å sjå tala som rate (andelar) pr. 1000 innbyggarar i området, eller som det aktuelle antallet innleggingar.
Uttrekket er basert på medisinske DRG-grupper. I tolkinga er det sentralt å ha med seg at medisinske DRG-grupper omfattar aktivitet ved mange ulike avdelingar, ikkje berre det som i daglegtale blir omtala som «medisinske avdelingar». Innleggingar der det er utført kirurgiske inngrep/prosedyrar er slik sett unnateke. Dette inneber altså at mange av pasientopphalda på ulike kirurgiske avdelingar vil bli rubriserte som medisinske DRG-ar.
Grunngjeving for val av indikator:
Eit sentralt mål i samhandlingsreforma er betre pasientforløp og å gje tenester nærare der pasienten bur, altså gjennom den kommunale delen av helsetenesta. Eit av tiltaka har her vore opprettinga av tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp i kommunen, ofte i samarbeid med andre kommunar) (ØHD-sengeplassar, tidvis også kalla KAD).
Desse ØHD-plassane er tenkt som eit alternativt kommunalt behandlingstilbod i staden for innlegging på sjukehus, men kan også medføre vidare innlegging i spesialisthelsetenesta. Men det er ikkje tenkt som rehabiliteringsopphald etter sjukehusinnleggingar.
Dette nye tilbodet har difor vore forventa å kunne redusere talet på øyeblikkeleg-hjelp innleggingar i spesialisthelsetenesta frå dei aktuelle kommunane.
Indikatoren Medisinske akuttinnleggingar vil slik kunne gje ein peikepinn om praksisen og omfanget av akuttinnlegging siste året, og utviklinga over fleire år.
Lokale forhold som t.d. alderssamansetting, kommunale ressursar/organisering og behandlingskulturar lokal vil kunne påverke dette.
Kjelde og lenker:
NPR