Spesialisthelsetenester etter hovuddiagnosegrupper (ICD10)
Indikatoren viser kor mykje spesialisthelsetenester (innleggingar, liggedagar, polikliniske konsultasjonar inkl. dagbehandling og konsultasjonar hos avtalespesialistar) som er brukte samla sett og for kvar hovuddiagnosegruppe i tidsperioden. ICD er inndelt i 20 hovudkapittel med ulike sjukdomsgrupper, som igjen inneheld mange einskilddiagnosar.
Tala er basert på årleg gjennomsnittsverdi for 2-årsperiodar (sjå under «Velg periode»), og vert vist på kommune og bydelsnivå.
Alle pasientar som blir behandla i spesialisthelsetenesta får tildelt ein diagnosekode etter diagnosesystemet ICD-10 (International Statistical Classiication of Diseases and Related Health Problems).
Tala er basert på årleg gjennomsnittsverdi for 2-årsperiodar (sjå under «Velg periode»), og vert vist på kommune og bydelsnivå.
Dette kan gje haldepunkt for ulikt forbruksmønster av spesialisthelsetenester knytt til opptakskommunane, inkl. kva fagområde desse handlar om, og utviklinga av bruk over tid.
Det fortel ikkje om talet på enkeltpasientar i kvar kommune, då kvar pasient kan ha fleire opphald/besøk i spesialisthelsetenesta årleg. Det er også varierande praksis og tersklar mellom kommunane når det gjeld å sende tilvisingar til spesialisthelsetenester.
Kjelde: Uttrekk frå Norsk Pasientregister (NPR).