DRG-forbruk
Alle rate er rekna om til 1-årsrate/antall basert på gjennomsnittet av to samanhengande år.
Desse variablane er lagt inn:
- Rate av kirurgisk DRG pr. 1000 innb. for regionen/kommunen
- Rate av medisinsk DRG pr. 1000 innb. for regionen/kommunen
- Rate for samla sum av DRG
- Antall kirurgiske DRG for regionen/kommunen
- Antall medisinske DRG for regionen/kommunen
- Antall for samla sum av DRG
Nedre tredel av DRG poeng (sjå kartvisning) viser til lågare ressursbruk av spesialisthelsetenester enn andre kommunar. Tolking av lågt DRG-tall må vurderast heilskapleg med andre indikatorar som: Helsetilstand i befolkninga, dødelegheit, livskvalitet og brukartilfredsheit, tilgang til kvalitet i kommunale helsetenester. Eit lågare forbruk av spesialisthelsetenester (som anten er positivt pga. god primærhelse, gode førebyggande helsetenester og ei befolkningssamansetting med færre sjuke eldre, eller negativt pga. underforbruk og dårleg tilgjengelegheit til spesialisthelsetenester.
I 1997 innførte myndigheitene i Norge Innsatsstyrd finansiering (ISF) for den somatiske delen av spesialisthelsetenesta, og frå 2017 også for poliklinikkar innan psykiatri og rusbehandling. Sjukehusa vert etter dette finansiert gjennom ei basisløyving (50%) bestemt ut frå innbyggjartal og alderssamansetting, og 50% ut frå behandlinga som blir gitt til pasientar.
ISF blir berekna ut frå talet på DRG-poeng (Diagnose Relaterte Grupper), som institusjonen «produserer» gjennom si behandling av pasientane. Grunnlaget for DRG-gruppene er ein kombinasjon av pasienten sin tilstand (diagnose) og kva behandling (prosedyrar) han/ho har motteke.
Det er to hovudgrupper av DRG: Kirurgiske som er der pasienten si behandling omfattar kirurgiske inngrep, og Medisinske der det ikkje har vore utført kirurgiske inngrep. Dette er altså ikkje kopla mot namnet på aktuelle sengeaavdelingar i sjukehusa.
DRG-poenga reflekterer det gjennomsnittlege omfanget av ressursar som eit sjukehusopphald/poliklinikkbesøk er forventa å medføre, også ressursar frå støtteavdelingar som laboratorium, røntgen og administrasjon og pleiekostnader. Sjølv om DRG reflekterer gjennomsnittskostnader og einskildpasientar, kan prisen avvike sterkt både oppover og nedover. Dette tenderer til å jamne seg ut over tid og med aukande tal pasienttilfelle.
ISF blir utbetalt frå Staten til det regionale helseføretaket (RHF) som sit med «sørge-for» ansvaret, og som igjen finansierer dei einskilde lokale helseføretaka.
Samla DRG-poeng pr. år fordelt på kommunar reflekterer kor mykje innbyggarane i den aktuelle kommunen har brukt/fått av helseressursar frå spesialisthelsetenesta. Det er viktig å ta med i vurderinga at i små kommunar kan få og ressurskrevjande einskildpasientar influere på det samla talet.
Tala i Samhandlingsbarometeret er uavhengige av kva helseføretak som har produsert DRG-poenga. Dvs. at ein pasient kan ha blitt behandla ved andre sjukehus enn det sjukehuset heimkommunen hans/hennar soknar til.
Metode:
data frå "Styringsdata til RHF" tabell: ÅÅÅÅ_MM_aktivitet_kommune_NASJ
DRG = sum(korrvekt_sum)
gruppering er inndelt etter: drg_type ='K' then 'Kirurgisk' when drg_type in ('M','') then 'Medisinsk'
Kjelde: NPR/SSB.