DRG-forbruk
Alle rate er rekna om til 1-årsrate/antall basert på gjennomsnittet av to samanhengande år. Dersom vi ikkje har tall for heile året stipulerer vi årstallet basert dei tertiala vi har tall for.
Kjelde: NPR/SSB.
Desse variablane er lagt inn:
- Rate av kirurgisk DRG pr. 1000 innb. for regionen/kommunen
- Rate av medisinsk DRG pr. 1000 innb. for regionen/kommunen
- Rate for samla sum av DRG
- Antall kirurgiske DRG for regionen/kommunen
- Antall medisinske DRG for regionen/kommunen
- Antall for samla sum av DRG
I 1997 innførte myndigheitene i Norge Innsatsstyrd finansiering (ISF) for den somatiske delen av spesialisthelsetenesta, og frå 2017 også for poliklinikkar innan psykiatri og rusbehandling. Sjukehusa vert etter dette finansiert gjennom ei basisløyving (50%) bestemt ut frå innbyggartal og alderssamansetting, og 50% ut frå behandlinga som blir gitt til pasientar.
ISF blir berekna ut frå talet på DRG-poeng (Diagnose Relaterte Grupper), som institusjonen «produserer» gjennom si behandling av pasientane. Grunnlaget for DRG-gruppene er ein kombinasjon av pasienten sin tilstand (diagnose) og kva behandling (prosedyrar) han/ho har motteke. Det er to hovudgrupper av DRG: Kirurgiske som er der pasienten si behandling omfattar kirurgiske inngrep, og Medisinske der det ikkje har vore utført kirurgiske inngrep. Dette er altså ikkje kopla mot namnet på aktuelle sengeaavdelingar i sjukehusa.
DRG-poenga reflekterer det gjennomsnittlege omfanget av ressursar som eit sjukehusopphald/ poliklinikkbesøk er forventa å medføre, også ressursar frå støtteavdelingar som laboratorium, røntgen og administrasjon og pleiekostnader. Sjølv om DRG reflekterer gjennomsnittskostnader og einskildpasientar, kan prisen avvike sterkt både oppover og nedover. Dette tenderer til å jamne seg ut over tid og med aukande tal pasienttilfelle.
ISF blir utbetalt frå Staten til det regionale helseføretaket (RHF) som sit med «sørge-for» ansvaret, og som igjen finansierer dei einskilde lokale helseføretaka.
Samla DRG-poeng pr. år fordelt på kommunar reflekterer kor mykje innbyggarane i den aktuelle kommunen har brukt/fått av helseressursar frå spesialisthelsetenesta. Det er viktig å ta med i vurderinga at i små kommunar kan få og ressurskrevjande einskildpasientar influere på det samla talet.
Tallene i Samhandlingsbarometeret er uavhengige av kva helseføretak som har produsert DRG-poenga. Dvs. at ein pasient kan ha blitt behandla ved andre sjukehus enn det sjukehuset heimkommunen hans/hennar soknar til.