Forventa levealder ved fødsel
Indikatoren viser forventa levealder ved fødsel for kvinner og menn samla for alle utdanningsnivå, dvs. at dataene er uavhengig av foreldre/føresette sitt utdanningsnivå.
Statistikken viser 15 års glidande gjennomsnitt, og er berekna ved hjelp frå dødelegheitstabell.
Forventa levealder er kanskje den mest brukte indikatoren på folkehelsa i ei befolkning. Variabelen gjev informasjon om den generelle helsetilstanden og korleis folkehelsa utviklar seg over tid.
På lands- og regionnivå er dette ein stabil og påliteleg indikator som gjev informasjon om endringar over tid, og om skilnader mellom ulike befolkningsgrupper.
Over tid har alle grupper i landet fått betre helse, men helsegevinsten er størst for gruppa med lang utdanning og høg inntekt. For eksempel har denne gruppa høgare forventa levealder enn dei med kortare utdanning og lågare inntekt.
Særleg har helseskilnadane auka dei siste 10 åra, dette gjeld både fysisk og psykisk helse. Utjamning av sosiale helseskilnader er ei viktig målsetting i folkehelsearbeidet.
Kjelde: https://khs.fhi.no/webview/