KOSTRA-Økonomi
Indikatoren for KOSTRA-Økonomi viser status for 4 nøkkeltal knytt til helse og omsorg (Tabell 12209) i eit bestemt år, og utviklinga av dei same over tid:
- Brutto utgifter kommunale helse- og omsorgstenester per innbyggar (kr) forkorta til Helse- og omsorgstenester, kostnad pr. innb.
- Netto driftsutgifter til omsorgstenester i prosent av kommunen sin samla netto drift (prosent) forkorta til Omsorgstenester, andel av kommunale driftsutgifter
- Utgifter per opphaldsdøgn i institusjon (kr) forkorta til Døgnkostnader i kommunal institusjon
- Netto driftsutgifter til kommunehelsetenesta i prosent av kommunen sin samla netto driftsutgifter (prosent) forkorta til Kommunehelsetenesta, andel av driftsutgifter
Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA) er eit nasjonalt rapporteringssystem som viser nøkkeltal for ressursbruk, prioritering og måloppnåing i kommunar, bydelar og fylkeskommunar. Systemet er basert på data som kommunane sjølve rapporterer inn. Føremålet er å gjere det mogleg å samanlikne kommunane både med landsgjennomsnittet og med kvarandre.
KOSTRA-grupper
Kommunane er delt inn i KOSTRA-grupper frå 1 til 16, basert på tre hovudfaktorar:
- Folketal
- Bundne kostnader per innbyggjar
- Frie disponible inntekter per innbyggjar
Denne inndelinga gjer det mogleg å samanlikne kommunar med tilnærma like rammevilkår. Gruppene blir oppdaterte årleg.
Sjå meir om gruppene her: KOSTRA-gruppene – SSB
For å finne ut kva KOSTRA-gruppe din kommune høyrer til, sjå Samhandlingsbarometeret dashboardet for indikatoren på kommunenivå
Kjelde: Statistisk sentralbyrå.https://www.ssb.no/statbank/list/helsetjko