KOSTRA-tenester
Under KOSTRA-tenester vert vist eit utval på 7 nøkkeltal knytt til:
- Andel innbyggarar 80 år og over som bruker heimetenester (prosent) forkorta til Heimetenester, andel av 80 år+
- Andel brukarar av heimetenester 0-66 år (prosent) forkorta til Heimetenester, brukarandel av 0-66 år
- Andel innbyggarar 80 år og over som er bebuar på sjukeheim (prosent) forkorta til Sjukeheim, andel over 80 år+
- Andel brukartilpassa einerom m/eige bad/wc (prosent) forkorta/endra til Brukartilpassa einerom (eige bad/wc), andel
- Legetimar per uke per bebuar i sjukeheim (timer) endra til Legetimar sjukeheim vekentleg pr. bebuar
- Andel innbyggarar 67-79 år med dagaktivitetstilbod (prosent) forkorta til Dagaktivitetstilbod, andel av 67-79 år
- Andel nyfødde med heimebesøk innan to veker etter heimkomst (prosent) forkorta til Heimebesøk nyfødde, andel
Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA) er eit nasjonalt rapporteringssystem som viser nøkkeltall for ressursbruk, prioritering og måloppnåing i kommunar, bydelar og fylkeskommunar. Systemet er basert på data som kommunane sjølve rapporterer inn. Føremålet er å gjere det mogleg å samanlikne kommunar både med landsgjennomsnittet og med kvarandre.
KOSTRA-grupper
Kommunane er delte inn i KOSTRA-grupper frå 1 til 16, basert på tre hovudfaktorar:
- Folketal
- Bundne kostnader per innbyggjar
- Frie disponible inntekter per innbyggjar
Denne inndelinga gjer det mogleg å samanlikne kommunar med tilnærma like rammevilkår. Gruppene blir oppdaterte årleg.
Sjå meir om gruppene her: KOSTRA-gruppene – SSB
For å finne ut kva KOSTRA-gruppe din kommune høyrer til, sjå Samhandlingsbarometeret dashboardet for indikatoren på kommunenivå.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå.https://www.ssb.no/statbank/list/helsetjko