Nøgd med eiga helse – ungdom
Statistikken viser prosentdel og forholdatal for ungdomsskuleelevar som har svart «litt eller svært nøgd» av alle som har svart på dette spørsmålet i Ungdata-undersøkinga.
Tala er standardiserte for kjønn og klassetrinn, og gjeld kommune- og fylkesinndeling per 1.1.2024.
To måltal er brukte:
Prosent (standardisert) = Andel i % av alle som har svart på ungdataundersøkelsen, standardisert for kjønn og klassetrinn.
Forholdstal (Noreg = 100) = Viser avvik frå nasjonalt nivå i prosent. Forhold mellom kommunen sin andel og andelen på landsbasis eit gitt år (standardiserte tall). Eksemplar; forholdstal = 130 betyr at kommunen sin andel er 30 % høgare enn landsnivået. Eit forholdstal på 87 betyr at kommunen sin andel er 13 % lågare enn landsnivået.
Datagrunnlaget kjem frå Ungdata, gjennomført av NOVA i samarbeid med KoRus og finansiert av Helsedirektoratet. Manglande tal betyr at Ungdata-undersøkinga ikkje er gjennomført, at det manglar informasjon om kjønn/klassetrinn eller at tal er anonymisert eller skjult av andre årsaker. Dette gjeld også fylke som er skjult pga. låg dekningsgrad.
Tal for fylke og landet viser gjennomsnitt over treårsperiodar, med unntak av 2021, 2022 og 2023.
Eigenvurdert helse er ein viktig indikator for sjukelegheit og bruk av helsetenester, og blir brukt til å overvake befolkinga sin helsestatus over tid. Dei aller fleste har ei positiv innstilling til eiga helse, og litt fleire unge enn eldre vurderer si eiga helse som god.