Skrøpelege eldre i Samhandlingsbarometeret
Skrøpelege eldre er ei av dei prioriterte pasientgruppene for helsefellesskapa i Noreg. Eldre menneske viser store individuelle skilnader i helsetilstand, og aldersgruppa 75 år og eldre omfattar både spreke og robuste personar så vel som multisjuke og skrøpelege. Robuste eldre har ofte evne til å tole akutte påkjenningar på same måte som andre vaksne. Skrøpelege eldre har derimot betydeleg redusert reservekapasitet og auka sårbarheit for påkjenningar. Dei har ofte atypiske symptom fordi organsystema og evna til å oppretthalde likevekt er svekka. Blant skrøpelege er det vanleg med ufrivillig vekttap, tap av muskelmasse og muskelstyrke, redusert ganghastigheit, eit lågt aktivitetsnivå og dei blir lett utmatta [1]. Skrøpelege eldre har generelt høgare bruk av både kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester enn andre i same aldersgruppe.
Definisjonar
Skrøpelege eldre er definert som personar 75 år og eldre som har minst ei IPLOS-måling [2] i kommunale helse- og omsorgstenester med ein funksjonsverdi mellom 3 og 5 på minst eitt av dei ti områda nemnt i tabellen nedanfor. I samsvar med Helsedirektoratets definisjon er funksjonsverdiane summert i fire distinkte scoregrupper:
- Noko redusert funksjonsnivå (score 2-9)
- Redusert funksjon (score 10-15)
- Dårleg funksjon (score 16-25)
- Svært dårleg funksjon (score 26-40)
I samråd med Helsedirektoratet er gruppe 1 og 2 slått saman til kategorien "Noko skrøpelege" (prefragile), og gruppe 3 og 4 til kategorien "Skrøpelege" (fragile). Gruppa "Noko skrøpelege" er spesielt relevant for førebyggjande tiltak i både kommunar og spesialisthelseteneste.

Indikatoren viser totalt tal pasientar, reinnleggingar og utskrivingsklare liggedøgn for gruppene «Noko skrøpelege» (prefagile), «Skrøpelege» (fragile) og summen av desse, samt rate per 1000 innbyggjarar av befolkninga på 75 år og eldre.
Reinnlegging innan 30 dagar etter innlegging for skrøpelege eldre
Ei reinnlegging er ei ny akuttinnlegging, uavhengig av årsak og sjukehus for reinnlegging, og som inntreff mellom åtte timar og 30 dagar etter utskriving frå eit frittståande sjukehusopphald (primærinnlegging).
Utskrivingsklare liggedøgn for skrøpelege eldre
Indikatoren viser talet på døgn der pasientar som blei meldt som utskrivingsklar frå døgnopphald, fortsette å opphalde seg på sjukehuset i påvente av eit kommunalt tilbod. Dette er ei teknisk teljing av utskrivingsklare liggedøgn og dei vil avvike noko frå dei fakturerbare liggedøgna som kommunen betaler for.
Metodiske avklaringar
Analysen inkluderer aktivitet i sektor 4 (somatiske sjukehusopphald). Dersom ein person er registrert i fleire kommunar i løpet av perioden, vert vedkommande lagt til den siste kommunen med registrert helsekontakt. Slik unngår ein dobbeltregistrering. Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte og for grupper med færre enn fem personar vert det ikkje data på kommunenivå. Små avvik kan derfor forventast på grunn av anonymiseringsteknikk.
Datakjelder:
Norsk pasientregister (NPR)
Kommunalt pasientregister (KPR).
Referansar
[1] https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/vanlige-sykdomsbilder-hos-eldre/skropelighet/
[2] https://www.fhi.no/he/iplos-registeret/