Skrøpelege eldre i Samhandlingsbarometeret
Skrøpelege eldre er ei av dei prioriterte pasientgruppene for helsefellesskapa i Noreg. Eldre menneske viser store individuelle skilnader i helsetilstand, og aldersgruppa 75 år og eldre omfattar både spreke og robuste personar så vel som multisjuke og skrøpelege. Robuste eldre har ofte evne til å tole akutte påkjenningar på same måte som andre vaksne. Skrøpelege eldre har derimot betydeleg redusert reservekapasitet og auka sårbarheit for påkjenningar. Dei har ofte atypiske symptom fordi organsystema og evna til å oppretthalde likevekt er svekka. Blant skrøpelege er det vanleg med ufrivillig vekttap, tap av muskelmasse og muskelstyrke, redusert ganghastigheit, eit lågt aktivitetsnivå og dei blir lett utmatta [1]. Skrøpelege eldre har generelt høgare bruk av både kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester enn andre i same aldersgruppe.
Definisjonar
Skrøpelege eldre er definert som personar 75 år og eldre som har minst ei IPLOS-måling [2] i kommunale helse- og omsorgstenester med ein funksjonsverdi mellom 3 og 5 på minst eitt av dei ti områda nemnt i tabellen nedanfor. I samsvar med Helsedirektoratets definisjon er funksjonsverdiane summert i fire distinkte scoregrupper:
- Noko redusert funksjonsnivå (score 2-9)
- Redusert funksjon (score 10-15)
- Dårleg funksjon (score 16-25)
- Svært dårleg funksjon (score 26-40)
I samråd med Helsedirektoratet er gruppe 1 og 2 slått saman til kategorien "Noko skrøpelege" (prefragile), og gruppe 3 og 4 til kategorien "Skrøpelege" (fragile). Gruppa "Noko skrøpelege" er spesielt relevant for førebyggjande tiltak i både kommunar og spesialisthelseteneste.

Somatisk behandling for skrøpelege eldre
Indikatoren viser bruk av somatiske spesialisthelsetenester for skrøpelege eldre i fire kategoriar:
- Polikliniske konsultasjonar inkludert dagbehandling per år
- Innleggingar i institusjon per år
- Tal liggedøgn i institusjon per år
- Besøk hos private avtalespesialistar per år
Indikatoren viser totalt tal for gruppene Skrøpelege eldre, samt rate per 1000 innbyggjarar av befolkninga på 75 år og eldre.
Metodiske avklaringar
Analysen inkluderer aktivitet i sektor 4 (somatiske sjukehusopphald). Dersom ein person er registrert i to eller fleire kommunar i løpet av i løpet av same år, vert vedkommande lagt til den siste kommunen med registrert helsekontakt. Slik unngår ein dobbeltregistrering. Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte og for grupper med færre enn fem personar vert det ikkje data på kommunenivå. Små avvik kan derfor forventast på grunn av anonymiseringsteknikk.
Datakjelder
Norsk pasientregister (NPR)
Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR)
Referansar
[1] https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/vanlige-sykdomsbilder-hos-eldre/skropelighet/
[2] https://www.fhi.no/he/iplos-registeret/