Søvnproblem blant ungdom
Indikatoren viser andelen ungdomsskuleelevar (8-10.trinn) som svarer at dei i løpet av den siste veka har vert «ganske mye plaget» og «veldig mye plaget» av søvnproblem. Berekningane er basert på andelen av dei som har svart på spørsmålet, og resultata er standardisert for kjønn og klassetrinn. I 2015 vart det i tillegg standardisert for tidspunktet på året kor undersøkinga blei gjennomført (vår eller haust). Datagrunnlaget er henta frå Ungdata-undersøkingane, som NOVA gjennomfører i samarbeid med regionale kompetansesenter for rusfeltet, og publisert av helsedirektoratet.
Indikatoren har to tilgjengelege måltal:
- Andel (prosent, standardisert): viser andelen respondenter som i Ungdataundersøkinga har svart på spørsmåla om søvnproblem stilte under depressive symptom, standardisert for kjønn og klassetrinn.
- Forholdstal (Norge=100): Viser forholdet mellom kommunen sin andel og landsgjennomsnittet. Eit forholdstal på 130 indikerer at kommunen sin andel er 30 % høgare enn landsgjennomsnittet, mens eit tall på 87 betyr at andelen er 13% lågare.
Søvn påverkar både fysisk og psykisk helse, og er viktig for befolkninga sin helsetilstand. Mangel på søvn pga. redusert søvnlengde eller dårleg søvnkvalitet har alvorlege konsekvensar for emosjonell stabilitet, kognitive funksjoner og evne til å prestere i skole og dagleglivet. Søvnvanskar er sterkt korrelert med psykiske lidingar, sjølvskading, rus- og alkoholbruk, overvekt, skolefråvær og lågare skoleprestasjonar.
Ved tolking av data må det vurderast om skolane som har deltatt i undersøkinga er representative for kommunen som heilheit. Respondenter som ikkje har oppgitt kjønn eller klassetrinn, og personer som har svart på færre enn fire av dei seks spørsmåla om depressive symptom er ekskludert frå analysane. Frå og med 2016 er også data frå haustgjennomførte undersøkingar utelete. Som hovudregel vert det brukt treårige gjennomsnittstal for landet og fylke, men på grunn av COVID-19-pandemien blei det gjort unntak for åra 2021, 2022 og 2023.Referanseverdiane for 2021 og 2022 byggjer på enkelttal frå det aktuelle året, grunna pandemirestriksjonane sin påverknad på unge sin livssituasjon. For 2023 blei gjennomsnittet av data frå 2022 og 2023 nytta. Merk at berre Oslo og Møre og Romsdal har gjennomført undersøkinga i 2023.
Dataavgrensningar og personvernomsyn frå datakjelda
Fleire forhold kan føre til at data ikkje er tilgjengelege:
- Statistikker basert på færre enn fire tilfelle vert ikkje publisert av omsyn til personvern.
- Der befolkningsgrunnlaget i eit segment er mindre enn 10 personar, vert tal utelete
- Fylkesdata vises ikkje dersom dei dekker mindre enn halvparten av ungdomsbefolkninga i fylket.
- I tilfelle der informasjon om kjønn, klassetrinn eller tidspunkt for gjennomføring manglar, er det ikkje mogleg å standardisere dataene, og tala ver dermed ikkje publisert.
- Kommunar som har vært gjennom kommunesamanslåingar eller -oppsplitting kan mangle data for periodar før eller etter endringa.
- Datainnsamlinga i 2020 blei delvis stoppa på grunn av nedstengningar i samband med pandemien, noko som førte til at fleire kommunar ikkje fekk gjennomført undersøkinga som planlagt.
Ungdata-undersøkinga blir ikkje gjennomført kvart år og på same tid i alle kommunar, noko som også påverkar gjengelegheita av data og tolkingane av resultat.
Kjelde institusjon: Helsedirektoratet (Folkehelsestatistikk og profiler - Helsedirektoratet)