Utskrivingsklare liggedøgn
Variabelen Utskrivingsklare liggedøgn er publisert som rate pr. 1000 innb. med årleg oppdatering. Kommunar som har verdiar mellom ein og fire har vi førebels ikkje publisert tal for av omsyn til konfidensialitet.
Det er ulike mål som kan nyttast på dette: Antall pasientar, antall liggedøgn og antall fakturerbare liggedøgn. Det siste målet har ikkje nasjonal statistikk tilgjengeleg.
Samhandlingsreforma har som ei målsetting å få meir behandling over på den kommunale helsesektoren. Frå spesialisthelsetenesta si side vert rask utskriving av «ferdigbehandla» pasientar viktig. Det er tidvis ulike syn på om ein pasient er utskrivingsklar eller ikkje, men den faglege avgjerda om dette ligg hjå spesialisthelsetenesta.
Vurderinga skal vere basert på følgjande moment:
- Problemstillinga(-ne) ved innlegginga, slik desse var formulert av innleggande lege, skal vere avklart
- Andre problemstillingar som har kome fram under opphaldet, skal vere avklarte
- Dersom enkelte spørsmål ikkje er avklart skal dette gjerast greie for
- Det skal føreligge eit klart standpunkt til diagnose(r), og vidare plan for oppfølging av pasienten
- Pasienten sitt samla funksjonsnivå, endring frå før innlegginga, og forventa framtidig utvikling skal vere vurdert.
Spesialisthelsetenesta har ei varslingsplikt til kommunen innan 24 timer etter innlegginga når pasienten kan ha behov for hjelp frå den kommunale helse- og omsorgstenesta etter utskriving.
Både kapasitet og organisering av den kommunale tenesta er faktorar som kan verke inn på omfanget av utskrivingsklare liggedøgn.
Kommunane skal betale for utskrivingsklare pasientar som blir liggande på sjukehus i påvente av eit kommunalt tilbod. Frå 2019 omfattar ordninga også pasientar innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sjølve oppgjeret for utskrivingsklare pasientar er desentralisert. Det betyr mellom anna at ansvaret for å fakturere kommunane på korrekt grunnlag ligg hos det enkelte helseføretaket. Døgnprisen for 2022 er i overkant av kr. 5000/døgn.
Datakjelde: Norsk Pasientregister (NPR)