ForsideInntektsulikheit
Definisjon
Gini-koeffisient
GINI-koeffisienten har verdiar mellom 0 og 1 og er ein mykje brukt internasjonal målestokk når ein skal måle inntektsskilnader mellom alle personar i befolkninga. Den vil ha den teoretiske verdien 0 om alle i området hadde heilt lik inntekt, og vidare utover til verdien 1 om all inntekt teoretisk hadde hamna hjå éin enkelt person. Dette betyr at dess lågare Gini-verdien er, dess mindre ulikheiter er det i inntektsfordelinga i det aktuelle området. Aukande Gini-koeffisient over tid tyder då at ein får aukande inntektsskilander.
GINI-koeffisienten kan slik opplyse om det aktuelle nivået av inntektsskilnadane, og korleis dette målet har utvikla seg over tid i området.
Kjelde: SSB