Somatiske DRG-poeng
I 1997 innførte myndigheitene i Norge Innsatsstyrd finansiering (ISF) for den somatiske delen av spesialisthelsetenesta, og frå 2017 også for poliklinikkar innan psykiatri og rusbehandling. Sjukehusa vert etter dette finansiert gjennom ei basisløyving (50%) bestemt ut frå innbyggjartal og alderssamansetting, og 50% ut frå behandlinga som blir gitt til pasientar.ISF blir utbetalt frå Staten til det regionale helseføretaket (RHF) som sit med «sørge-for» ansvaret, og som igjen finansierer dei einskilde lokale helseføretaka. ISF blir berekna ut frå talet på DRG-poeng (Diagnose Relaterte Grupper), som institusjonen «produserer» gjennom si behandling av pasientane. Grunnlaget for DRG-gruppene er ein kombinasjon av pasienten sin tilstand (diagnose) og kva behandling (prosedyrar) han/ho har motteke. Det er to hovudgrupper av DRG: Kirurgiske som er der pasienten si behandling omfattar kirurgiske inngrep, og Medisinske der det ikkje har vore utført kirurgiske inngrep. Dette er altså ikkje kopla mot namnet på aktuelle sengeavdelingar i sjukehusa. DRG-poenga reflekterer det gjennomsnittlege omfanget av ressursar som eit sjukehusopphald/poliklinikkbesøk er forventa å medføre, også ressursar frå støtteavdelingar som laboratorium, røntgen og administrasjon og pleiekostnader. Sjølv om DRG reflekterer gjennomsnittskostnader og einskildpasientar, kan prisen avvike sterkt både oppover og nedover. Dette tenderer til å jamne seg ut over tid og med aukande tal pasienttilfelle.
Definisjon
Indikatoren viser kirurgiske, medisinske og samla sum av DRG-poeng. Tala er basert på årleg gjennomsnittsverdi for samanhengande 2-årsperiodar.
Måltal
Indikatoren viser tal DRG-poeng og rate per 1000 innbyggjarar. Utvikling over tid (mot år 2019) visast i forløpskurver og geografisk variasjon mellom kommunar (tertilar per 1000 innbyggarar) i kartvisning.
Metodiske avklaringar og tolking
Samla DRG-poeng per år fordelt på kommunar reflekterer kor mykje innbyggarane i den aktuelle kommunen har brukt/fått av helseressursar frå spesialisthelsetenesta. Det er viktig å ta med i vurderinga at i små kommunar kan få og ressurskrevjande einskildpasientar influere på det samla talet.
Tala i Samhandlingsbarometeret er uavhengige av kva helseføretak som har produsert DRG-poenga. Dvs. at ein pasient kan ha blitt behandla ved andre sjukehus enn det sjukehuset heimkommunen hans/hennar soknar til.
Tolking av lågt DRG-tall må vurderast heilskapleg med andre indikatorar som helsetilstand i befolkninga, dødelegheit, livskvalitet og brukartilfredsheit, tilgang til og kvalitet i kommunale helsetenester. Eit lågare forbruk av spesialisthelsetenester kan anten vere positivt grunna god primærhelse, gode førebyggande helsetenester og ei befolkningssamansetting med færre sjuke og eldre, eller negativt grunna underforbruk og dårleg tilgjengelegheit til spesialisthelsetenester.
Datakjelder
Norsk pasientregister (NPR)
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Teknisk uttrekk
data frå "Styringsdata til RHF" tabell: ÅÅÅÅ_MM_aktivitet_kommune_NASJ
DRG = sum(korrvekt_sum)
gruppering er inndelt etter: drg_type ='K' then 'Kirurgisk' when drg_type in ('M','') then 'Medisinsk'