Akutte ambulanseoppdrag
Kor raskt ein pasient får behandling etter ei alvorleg hending, er avgjerande for overleving og for kva følger skaden får. Kor lang tid ambulansen brukar fram til hendingsstaden, er derfor ein sentral indikator for den akuttmedisinske tenesta [1].
Ambulanseoppdrag blir delte inn i tre hastegrader, gjevne med farger: raud, gul og grøn [2]. For hendingar med høgaste hastegrad (raud, akuttoppdrag) er den rettleiande målsetjinga at ambulansen skal vere framme innan 12 minutt i tettbygde strøk og innan 25 minutt i grisgrendte strøk, og at dette skal oppnåast i 90 prosent av hendingane [3]. Tidspunktet som blir lagt til grunn, er når ambulansen parkerer på hendingsstaden, slik det rapportert av ambulansepersonellet.
Definisjon
Indikatoren viser talet på akuttoppdrag og responstid for akutte hendingar med hastegrad raud. Kommunar med både tettbygd og grisgrendt strøk er presentert med tal for tettbygd eller grisgrendt, avhengig av kvar i kommunen hendingane har skjedd.
Måltal
Indikatoren viser
- Talet på hendingar per 1000 innbyggjarar (grisgrendte og tettbygde strøk samla)
- Median responstid i minutt for grisgrendt område og for tettbygd område, vist kvar for seg.
Medianen er den midtarste verdien når alle registreringane blir sorterte etter tid. Den er i mindre grad påverka av enkelte svært lange responstider og er derfor nytta framfor gjennomsnittet.
Utvikling over tid frå 2020 er vist i linjediagram, og geografisk variasjon mellom kommunar er vist i kart, inndelt i tertilar (øvre, midtre og nedre tredel).
Metodiske avklaringar og tolking
Talet på hendingar som blir varsla til AMK, vil vere annleis enn talet på oppdrag, fordi fleire ambulanseoppdrag kan vere knytte til den same hendinga. I kommunar med mykje turisme og tilreisande vil og oppdrag til desse vere inkluderte. Båt- og luftambulanse er ikkje med i dette talmaterialet.
Datakjelder
Helsedirektoratet – Nasjonale kvalitetsindikatorer
https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/kvalitetsindikatorer/akuttmedisinske-tjenester-utenfor-sykehus/median-tid-fra-amk-varsles-til-ambulanse-er-pa-hendelsessted-kommune
Referansar
[1] Helsedirektoratet, 2025
https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/responstid-for-ambulansebil
[2] Helsedirektoratet (2024). Norsk indeks for medisinsk nødhjelp (NIMN), versjon 5.0. s. 99.
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/norsk-indeks-for-medisinsk-nodhjelp/Norsk%20indeks%20for%20medisinsk%20n%C3%B8dhjelp.pdf
[3] St.meld. nr. 43 (1999–2000). Om akuttmedisinsk beredskap, kap. 4.5.2, Departementets vurderinger og forslag, s. 69–70.
https://www.regjeringen.no/contentassets/6d416043caa545e1ace76fef809637f8/no/pdfa/stm199920000043000dddpdfa.pdf