Akutte medisinske innleggingar
Eit sentralt mål i samhandlingsreforma er betre pasientforløp og å gje tenester nærare der pasienten bur, altså gjennom den kommunale helsetenesta. Eit av tiltaka har vore opprettinga av tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp i kommunen, ofte i samarbeid med andre kommunar (ØHD-sengeplassar, også kalla KAD).
Desse ØHD-plassane er tenkt som eit alternativt kommunalt behandlingstilbod i staden for innlegging på sjukehus, men kan også medføre vidare innlegging i spesialisthelsetenesta. Det er ikkje tenkt som rehabiliteringsopphald etter sjukehusinnleggingar. Dette tilbodet har vore forventa å kunne redusere talet på øyeblikkeleg-hjelp innleggingar i spesialisthelsetenesta frå dei aktuelle kommunane.
Indikatoren Akutte medisinske innleggingar vil slik kunne gje ein peikepinn om praksisen og omfanget av akuttinnlegging siste året, og utviklinga over fleire år. Lokale forhold som t.d. alderssamansetting, kommunale ressursar/organisering og behandlingskulturar lokalt vil kunne påverke dette.
Definisjon
Indikatoren viser omfanget av akutte medisinske innleggingar. Indikatoren er delt i to aldersgrupper; 0-79 år og 80 år og eldre.
Måltal
Indikatorane viser tal innleggingar og rate per 1000 innbyggjarar. Alle rater er rekna om til 1-årsrate/tal basert på gjennomsnittet av to samanhengande år. Utvikling over tid vert vist gjennom tabellar, kurver og geografiske framstillingar.
Metodiske avklaringar
Uttrekket er basert på medisinske DRG-grupper som omfattar aktivitet ved mange ulike avdelingar, ikkje berre det som i daglegtale blir omtala som «medisinske avdelingar». Innleggingar der det er utført kirurgiske inngrep/prosedyrar er ikkje inkluderte. Dette inneber altså at mange av pasientopphalda på ulike kirurgiske avdelingar vil bli rubriserte som medisinske DRG-ar.
Datakjelder
Norsk pasientregister (NPR)
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Teknisk uttrekk
filter som er brukt i utplukket:
innmateHast = 1 and drg_type in ('M','') and omsorgsniva = 1