Uføre
Indikatoren viser andel personer som mottek uføreytingar samla (varig uførepensjon og arbeidsavklaringspengar) i prosent av befolkninga i alderen 18 - 67 år. Statistikken viser årlege tal for tre aldersgrupper; 18-44 år, 45-67 år og 18-67 år.
Det er muleg å motta både varig uførepensjon og arbeidsavklaringspengar samtidig, men dei dette gjeld vert talt berre éin gong i samla uføreytingar.
Uføreytingar er stønadsordningar for å sikre inntekt til livsopphald for personar som har fått inntektsevna si varig nedsett grunna sjukdom eller funksjonshemming.
Gruppa som mottek uføretrygd er ei utsett gruppe helsemessig. Kor mange som tek i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og mulegheiter for jobbtilbod i kommunen.
Les meir her: Uføretrygdede (ssb.no)
Kjelde: Statistisk Sentralbyrå