Utanforskap 15-29 år
Andel yngre personar som ikkje er i arbeid, under utdanning eller i opplæring i prosent av befolkninga. Talla er standardisert.
NEET (Not in Education, Employment, or Training) er ei forkorting som ofte vert brukt om personar som har falle utenfor det som er vanleg for aldersgruppa. I denne statistikken er NEET avgrensa til busette i alderen 15-29 år som verken er i arbeid, under utdanning eller deltakarar på arbeidsmarknadstiltak.
Grunngjeving for val av indikator:
Indikatoren som er presentert her viser dei som står utanfor arbeid og/eller utdanning, og denne gruppa er samansett av personar i ulike livssituasjonar. Den består mellom anna av langtidsledige, unge med alvorlege helseproblem, personar som er heimeverande og blir forsørga av andre, og personar som har valt å ta t.d. eit friår i utdanningsløpet sitt.
Personar som er i denne gruppa i eit bestemt år ser ut til å ha meir varige problem med å komme inn på arbeidsmarknaden. Ein del av desse vil vere å finne mellom arbeidsledige, medan andre går ut av arbeidsstyrken ved at dei etterkvart sluttar å søke arbeid. Mellom dei som blir verande utanfor over lenger tid, er det klar overvekt av unge med helseutfordringar og utan videregåande utdanning. Gruppa er ei klar risikogruppe for å hamne i varig utanforskap og permanent trygding.
Meir om variabelen: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/hvordan-gar-det-med-unge-som-faller-utenfor
Datakjelde: FHI https://khs.fhi.no ->Utenfor arbeid, utdanning og opplæring) / Statistisk sentralbyrå (SSB)