Utdanningsnivå
Indikatoren viser tre nivå under utdanning:
- Andel (%) av befolkninga med fullført grunnskule som høgste utdanningsnivå
- Andel (%) av befolkninga med fullført vidaregåande skule som høgste fullførte utdanningsnivå.
- Andel (%) av befolkninga som har fullført høgskule- eller universitetsutdanning som høgste utdanningsnivå.
Utvikling i utdanningsnivå over tid er også vist for dei tre alternativa i figuren nede i midten, og kartpresentasjon i figuren nede til høgre.
Utdanning og økonomi er sentrale faktorar i det som blir kalla sosio-økonomiske variablar og sosiale skilnader i helse. Det er veldokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse.
Levekår som utdanning har betydning for både motivasjon og evne til å oppretthalde helsebringande levevaner som t.d. regelmessig fysisk aktivitet, sunt kosthald, moderat alkoholbruk, avhold eller måtehold i bruk av tobakk og andre rusmidlar.
Utdanningsnivå heng også saman med risikofaktorar for hjerte- og karsjukdommar: røyking, BMI, blodtrykk og kolesterol. Skilnadane er uavhengig av alder.
Dei fleste gruppene i samfunnet har fått betre helse i løpet av dei siste tiåra. Men helsegevinsten har vore størst for gruppene som allereie hadde den beste helsa - gruppene med lang utdanning, god inntekt og som lever i parforhold. Helsegevinstane har ikkje auka like myke for gruppa med låg utdanning og inntekt.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB), Nasjonale utdanningsdatabase (NUDB)