Vaksne med alvorleg psykisk liding
Definisjonar
Følgjande inkluderingskriterie frå Folkehelseinstituttet er nytta for vaksne pasientar (18 år og eldre) med alvorlege psykiske lidingar:
Minst ein episode i spesialisthelsetenesta innanfor eit år i psykisk helsevern registrert med tilstandskode (ICD-10, hovud- og bi-tilstandar):
- F20- F25- Schizofreni og schizoaffektive lidingar.
- F30–F33- Alvorlege stemningslidingar (omfattar mani, depresjon og bipolare lidingar).
- F60–F69-Personlegdomsforstyrringar.
Indikatoren viser tal pasientar, og rate per 1000 innbyggjarar,for pasientar 18 år og eldre med alvorlege psykiske lidingar som hadde kontakt med fastlege eller legevaktvaktteneste per år.
Fastlegekontakt: Ein direkte kontakt mellom fastlege og pasient som inneber ei medisinsk vurdering eller ein samtale. Dette inkluderer konsultasjon (både fysisk, e-konsultasjonar og gruppebehandling), sjukebesøk, tverrfagleg samarbeid, enkel kontakt og anna.
Legevaktkontakt: Ein direkte kontakt mellom helsepersonell på legevakt og pasient som inneber ei medisinsk vurdering eller ein samtale. Dette inkluderer ein av fylgjande: Konsultasjon (både fysisk og e-konsultasjon), sjukebesøk, tverrfagleg samarbeid, enkel kontakt og anna.
Allmennlegekontakt: Allmennlegekontaktar utgjer den totale summen av fastlege- og legevaktkontaktar.
Metodiske avklaringar
Alle rader frå tabellen "Enkeltregning" i KPR-data som er knytt til pasient i det aktuelle året er med. Kun filtrering på "Tjenestetype" fastlege og/eller legevakt. Dersom ein person er registrert i to eller fleire kommunar i løpet av same år, vert vedkomande lagt til den siste kommunen med registrert helsekontakt. Slik unngår ein dobbeltregistrering.Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte og for grupper med færre enn fem personar vert det ikkje presentert data på kommunenivå av personvernomsyn. Dei vert likevel summert i dei samla berekningane under kategorien "NN/øvrige". Små avvik kan derfor forventast på grunn av anonymiseringsteknikk.
Indikatoren omfattar kun pasientar med dei mest alvorlege psykiske lidingane i legevakt og fastlegeteneste, og inkluderer ikkje alle som mottek behandling i primærhelsetenesta.
Datakjelder
- Norsk pasientregister (NPR)
- Kommunalt pasientregister (KPR)
Samhandlingsbarometeret baserer si analyse på pasientliste for vaksne med alvorleg psykisk liding frå Folkehelseinstituttet.
Referansar