Vaksne med alvorlege psykiske lidingar
Vaksne med alvorlege psykiske lidingar er ei av dei prioriterte gruppene i Helsefellesskapa i Noreg. Gruppa omfattar personar som har ei definert alvorleg psykisk liding og som har vore i kontakt med psykisk helsevern, og ofte har behov for koordinerte og langvarige helse- og omsorgstenester. Denne pasientgruppa har ofte høgare behov for både polikliniske og døgnbaserte tenester samanlikna med befolkninga generelt. Omfanget av vaksne med alvorlege psykiske lidingar utgjorde om lag 1,6 % av den vaksne befolkninga i Noreg i 2022 (1).
Definisjon av utval
Følgjande inkluderingskriterie frå Folkehelseinstituttet er nytta for vaksne pasientar (18 år og eldre) med alvorlege psykiske lidingar:
Minst ein episode i spesialisthelsetenesta innanfor eit år i psykisk helsevern registrert med tilstandskode (ICD-10, hovud- og bi-tilstandar):
• F20- F25 - Schizofreni og schizoaffektive lidingar.
• F30–F33 - Alvorlege stemningslidingar (omfattar mani, depresjon og bipolare lidingar).
• F60–F69 - Personlegdomsforstyrringar.
Definisjon av indikatorar
Indikatorane viser pasientar i gruppa « Vaksne med alvorlege psykiske lidingar», som har fått tilbod om kommunale helse- og omsorgstenester i heile eller delar av kalenderåret. Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR) inneheld totalt 22 ulike tenesteytingar. For å kunne vise robuste tal for flest mogleg kommunar har Samhandlingsbarometeret gruppert desse tenestene basert på to hovudkriterium; (1) volum av tenestebruk og (2) klinisk samhøyrsle mellom tenestene. Tenestegruppene gir slik ei oversikt over den samla bruken av ulike beslekta tenester i kommunen. Tenester med lite volum i pasientgruppa, og som ikkje naturleg høyrer saman med andre kommunale tenester, er ikkje publisert men inngår i det samla volumet av kommunale tenesteytingar («Alle tilgjengelege kommunale omsorgstenester»). For vaksne med alvorlege psykiske lidingar er tenestene gruppert som følgjer:
Helse- og omsorgstenester i heimen:
- Helsetenester i heimen
- Praktisk bistand - daglege gjeremål
- Praktisk bistand - opplæring - daglege gjeremål
- Praktisk bistand - brukarstyrt - personleg assistanse
- Støttekontakt
Måltal
Indikatoren viser totalt tal tenester for gruppa vaksne med alvorlege psykiske lidingar, samt prosentdel av det totale talet i pasientgruppa. Utvikling av dei ulike gruppene over tid vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
- Teljing er basert på pasientlister i utvalgt pasientgruppe med alvorleg psysisk liding (PG3PL).
- Personar registrert i fleire kommunar i same år, blir tilordna den kommunen der siste helsekontakt er registrert, for å unngå dobbeltføring.
- Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte.
- På kommunenivå blir det ikkje publisert tal for grupper med færre enn fem personar. Dei vert likevel summert på høgare aggregert nivå og små avvik kan førekomme på grunn av anonymiseringsteknikk.
- Tal for enkelte tenestegrupper bør tolkast i samanheng med tal for andre tenester og tal pasientar.
Indikatoren omfattar kun pasienter med dei mest alvorlege psykiske lidingane, og inkluderer ikkje alle som mottek behandling i psykisk helsevern. Bruken av spesialisthelsetjenester varierer betydeleg mellom kommunane. Nokre pasientar har hyppige konsultasjonar i spesialisthelsetenesta, medan andre ikkje har vore under spesialistbehandling i det aktuelle året. Det er derfor ikkje mogleg å bruke denne indikatoren til å estimere den samla førekomsten (prevalensen) av alvorlege psykiske lidingar i kvar enkelt kommune.
Datakjelder
- Norsk pasientregister (NPR)
- Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR)
Samhandlingsbarometeret baserer si analyse på pasientliste for vaksne med alvorleg psykisk liding frå Folkehelseinstituttet.
Referansar
[1] Styringsinformasjon til helsefellesskapene. Del III. Helsedirektoratet 2022.