Vaksne med alvorleg psykisk liding
Definisjonar
Følgjande inkluderingskriterie frå Folkehelseinstituttet er nytta for vaksne pasientar (18 år og eldre) med alvorlege psykiske lidingar:
Minst ein episode i spesialisthelsetenesta innanfor eit år i psykisk helsevern registrert med tilstandskode (ICD-10, hovud- og bi-tilstandar):
- F20- F25 - Schizofreni og schizoaffektive lidingar.
- F30–F33 - Alvorlege stemningslidingar (omfattar mani, depresjon og bipolare lidingar).
- F60–F69 - Personlegdomsforstyrringar.
Metodiske avklaringar
Teljing er basert på pasientlister i utvalgt pasientgruppe med alvorleg psysisk liding (PG3PL). Dersom ein person er registrert i to eller fleire kommunar/bydelar i løpet av same år, vert vedkomande lagt til den siste kommunen/bydelen med registrert helsekontakt. Slik unngår ein dobbeltregistrering. Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte og for grupper med færre enn fem personar vert det ikkje presentert data på kommunenivå av personvernomsyn. Dei vert likevel summert i dei samla berekningane under kategorien "NN/øvrige". Små avvik kan derfor forventast på grunn av anonymiseringsteknikk.
Indikatoren omfattar kun pasienter med dei mest alvorlege psykiske lidingane, og inkluderer ikkje alle som mottek behandling i psykisk helsevern. Bruken av spesialisthelsetjenester varierer betydeleg mellom kommunane. Nokre pasientar har hyppige konsultasjonar i spesialisthelsetenesta, medan andre ikkje har vore under spesialistbehandling i det aktuelle året. Det er derfor ikkje mogleg å bruke denne indikatoren til å estimere den samla førekomsten (prevalensen) av alvorlege psykiske lidingar i kver enkelt kommune.
Datakjelder
- Norsk pasientregister (NPR)
- Kommunalt pasientregister (KPR)
Samhandlingsbarometeret baserer si analyse på pasientliste for vaksne med alvorleg psykisk liding frå Folkehelseinstituttet.
Referansar