Inntektsulikheit
Det er godt dokumentert at sosiale og økonomiske skilnader har stor påverknad på folkehelsa. Personar med låg inntekt har gjennomgåande dårlegare helse, kortare levealder og høgare førekomst av kroniske sjukdommar enn dei med høgare inntekt [1]. Inntektsulikheit påverkar både materielle levekår og tilgang til ressursar som bustad, utdanning og helsetenester, noko som er sentrale helsedeterminantar [2]. Høg ulikskap kan òg svekkje sosial tillit og bidra til psykososial belastning i grupper med svake økonomiske rammer. Innsikt i utviklinga av inntektsulikheit gir difor eit viktig grunnlag for å forstå og førebygge helseskilnader i befolkninga [3].
Definisjon
Inntektsskilnader vert målt etter GINI-koeffisienten frå SSB. GINI-koeffisienten har verdiar mellom 0 og 1 og er ein mykje brukt internasjonal målestokk når ein skal måle inntektsskilnader mellom alle personar i befolkninga. Den vil ha den teoretiske verdien 0 om alle i området hadde heilt lik inntekt, og verdien 1 om all inntekt teoretisk hadde hamna hjå éin enkelt person. Dette betyr at dess lågare Gini-verdien er, dess mindre ulikheit er det i inntektsfordelinga i det aktuelle området. Aukande Gini-koeffisient over tid tyder dermed på aukande inntektsskilander. GINI-koeffisienten kan slik opplyse om det aktuelle nivået av inntektsskilnadane, og korleis dette målet har utvikla seg over tid i området.
Måltal
Indikatoren viser inntekstskilnader målt ved GINI-koeffisient. Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Referansar
[1] Folkehelserapporten, Folkehelseinstituttet
[2] SSB. Økonomi, helse og livskvalitet. Rapport 2020/29
[3] Helsedirektoratet. Sosial ulikhet påvirker helse – tiltak og råd. 2018