Vassforsyning
Delen av befolkninga som får helsemessig trygt drikkevatn, er ein viktig folkehelseindikator. God vasskvalitet reduserer risikoen for vassborne sjukdomar, støttar førebyggjande helsearbeid og heng saman med kommunen sitt arbeid for å sikre reint og stabilt drikkevatn til innbyggjarane.
Drikkevassforskrifta skal verne helsa vår ved å sikre nok trygt drikkevatn, og krev at vatnet er klart, utan framtredande lukt, smak og farge, og held fastsette grenseverdiar [1]. Dei kommunale anlegga er underlagde denne forskrifta, som er harmonisert med EU sitt drikkevassdirektiv (for eksempel 2020/2184).
Dei fleste innbyggjarane i Noreg får drikkevatn frå kommunale vassforsyningssystem [2]. I Noreg er overflatevatn den viktigaste vasskjelda. Om lag 89 % av råvatnet som blir teke ut, kjem frå innsjøar og elvar, og 88 % av dei som er knytte til eit vassforsyningssystem, får vatn frå overflatekjelder [3]. Grunnvatn er ei vanleg kjelde for mindre anlegg som forsyner opp til 5000 personar [3].
For å sikre trygt drikkevatn skal vassbehandlinga tilpassast kvaliteten på råvatnet og dei farane som er identifiserte. Vern av vasskjelda og vassbehandling skal til saman gi tilstrekkeleg vern mot forureining [1].
Vasskvaliteten blir følgd opp gjennom regelmessige prøver, mellom anna av E.coli, intestinale enterokokkar, pH og farge [2]. E. coli og intestinale enterokokkar blir nytta som indikatorar på fekal forureining, det vil seie forureining frå avføring frå menneske eller dyr. Funn av desse bakteriane kan tyde på at vatnet òg inneheld sjukdomsframkallande mikroorganismar, og skal følgjast opp med undersøkingar og tiltak [5].
Definisjonar
Kommunalt vassverk, rate uttrykker kor mange per 1000 innbyggjarar som mottek vatn gjennom kommunale anlegg.
Følgjande indikatorar vert testa ved dei kommunale anlegga. Prosentdelen innbyggjarar tilknytte kommunale vassverk med tilfredsstillande prøveresultat viser kor stor del av alle innbyggjarane tilknytte kommunale vassverk som er knytte til eit vassverk med tilfredsstillande resultat for den aktuelle parameteren.
E. coli er ein indikator på fekal ureining. Påvisning indikerer at ureininga truleg har skjedd ganske nyleg [5]. Funn av bakterien kan tyde på mangelfull desinfeksjon eller at vatnet har blitt forureina etter behandling. Grenseverdien er 0 per 100 ml, det vil seie at E. coli ikkje skal påvisast i ein prøve på 100 ml [1].
PH er eit mål på kor surt eller basisk vatnet er. Surt vatn kan vere eit problem fordi det korroderar ledningsnettet og aukar sannsynet for tungmetall i vatnet [2]. Nedre og øvre tiltaksgrense for pH er 6,5 og 9,5 [4].
Farge kjem som oftast av naturlege, organiske komponentar i vatnet. Desse er ikkje nødvendigvis skadelege, men gir lukt og smak i vatnet. Farge kan vere indirekte skadeleg ved at det reduserer effekten ved bruk av UV som desinfeksjon. For farge er grenseverdien at vatnet skal vere akseptabelt for abonnentane [1], medan tiltaksgrensa er at det ikkje skal vere unormale endringar. Mattilsynet tilrår at fargetalet ikkje overstig 20 mg Pt/l [4].
Intestinale enterokokkarer ei gruppe bakteriar som kjem av fekal ureining, og har relativt høg resistens mot klorbehandling [5]. Grenseverdien for intestinale enterokokker i drikkevassforskrifta er 0 CFU/100 ml, og tiltak bør iverksetjast ved funn [1].
Måltal
Indikatoren viser prosentdel (%) innbyggjarar tilknytt vassverk med tilfredsstillande prøveresultat.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB), tabell 11786 «Vannkvalitet. Kommunalt drikkevann, etter region og år»
Referansar
[1] Forskrift om vannforsyning og drikkevann (drikkevannsforskriften) - Lovdata, §1, §5, §§12-13 og vedlegg1
[2] Kommunal vannforsyning – SSB, KOSTRA - kommunal vannforsyning
[3] Rapportering av data for vannforsyningssystemer i Norge for 2023, s. 19–20, tabell 11 og 13-14.
[4] Mattilsynet, Veileder til drikkevannsforskriften, § 23.Opplysningsplikt til abonnentene, Regelverk
[5] Indikatorer på mikrobiologisk forurensning i drikkevann – håndbok for helsepersonell - FHI, avsnittet «E. coli», og «Intestinale enterokokker»